Portrett av Liv Dahlin

Ny periode som instituttleiar

Liv Dahlin har takka ja til ein ny periode som instituttleiar ved Institutt for estetiske fag, OsloMet.

Liv Dahlin har leidd Institutt for estetiske fag (EST) i fire år og har i tillegg mange års fartstid som UF-tilsett på instituttet. No er ho klar for eit nytt åremål.  

– Eg gler meg til å fortsette den spennande jobben med å leie eit fantastisk fagmiljø. No skal  vi bygge vidare på den gode utviklinga instituttet er inne i. For dette instituttet er i stadig utvikling, vekst og endring. 

EST har nettopp flytta inn i nyoppussa lokale i Pilestredet 52. Det har vore ein stor jobb, men Dahlin gler seg over moglegheitene dette gir.  

– Den nye lokaliseringa bidrar til å auke synlegheita til dei praktiske og estetiske faga og til å skape ein endå meir levande campus i samarbeid med studentane våre.  

Det nye instituttleiaren blir ikkje arbeidsledig med det første, for oppgåvene står i kø.  

– Fokuset no er å sikre at studentane og dei tilsette trivst i dei nye lokala, og halde fram med den faglege kvaliteten på utdanning og forskinga vår.  

– Så skal vi feire 30 års jubileum for studiet i munnleg forteljarkunst i mai, fortel Dahlin. Feiringa blir tre dagar til ende med eit forteljarmaraton.

– Og ikkje minst så skal vi markere at Institutt for estetiske fag fyller 150 år i 2025. Det skal feirast skikkeleg i oktober, og då nyttar vi sjansen til ikkje berre å sjå bakover, men også framover. 

– Det er mykje vi på EST skal få til i tida som kjem. Vi har fleire nye studiar og satsingar vi skal følgje opp. Og vi skal sikre formidling, forsking og kontakten med arbeidslivet, seier den erfarne instituttleiaren entusiastisk.  

Ved sida av jobben som instituttleiar har Dahlin i ei årrekke samla materiale og produkt etter tekstilkunstnaren, designaren og den sosiale entreprenøren Sigrun Berg. Forteljinga om henne har ho samla i boka "Sigrun Berg: Vev og virke".   

Dette arbeidet fortel ho om blant anna på førehandsmarkeringa av kvinnedagen ved OsloMet 7. mars. Markeringa vil også innehalde ei lita utstilling av Sigrun Bergs tekstilar og klesplagg. Utstillinga blir organisert av studentar ved instituttet. 

Publisert: 03.03.2025 | Hilde Kringeland | Foto: Sonja Balci