Menneskesymboler i forskjellige farger foran et puslespill hvor én brikke mangler

Ny rapport om kvalitetsarbeid i Supported employment-tenester

Tre nye verktøy bidreg til læring, men fokus på måling og kontroll kan gå ut over relasjonsbygging, åtvarar jobbspesialistar.

Ny AFI-rapport undersøkjer erfaringar med tre ulike kvalitetsverktøy innafor Supported employment (SE). 

Verktøya er «Individual placement and support» kvalitetsskala (IPS-kvalitetsskala), «Kvalitetsveileder for jobbspesialistteam» og «Supported employment quality framework» (SEQF). Oppdragsgivar var Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Vi fann ei gjennomgåande støtte på tvers av dei tre kvalitetsverktøya til arbeidet med kvalitet i Supported employment, men avdekka også frustrasjonar. Nokon meiner at eit for stort fokus på målbare faktorar går ut over relasjonsbygging og enkeltpersonar sine spesielle behov – Vidar Bakkeli, stipendiat ved Arbeidsforskningsinstituttet AFI ved OsloMet

Aukande interesse

Interessa for Supported employment har vore sterkt aukande dei siste åra, både i NAV, hjå tiltaksarrangørar og i helsetenester. SE-tilnærminga handlar om at deltakarar mottek individuell, arbeidsretta oppfølging av ein jobbspesialist. 
Jobbspesialistene har små brukarporteføljer, ein fleksibel arbeidskvardag, og brukar mykje av arbeidsdagen ute i lokalsamfunnet i møte med arbeidsgivarar og arbeidssøkarar. Dei samarbeider tett med andre aktørar, som til dømes NAV-rettleiar med ansvar for økonomiske ytingar. 

Den tradisjonelle tankegangen i arbeidsinkluderingsfeltet har vore at personar som treng hjelp til å komme ut i arbeid, først skal gjennomgå arbeidstrening og kvalifiseringstiltak, før ein skal ut i ordinært arbeid, forklarar forskarane.

I Supported employment skal arbeidssøkarane i staden hjelpast rett ut i vanlig, lønna jobb, med tett oppfølging frå ein jobbspesialist. 

Gjennomgåande støtte

Bruken av kvalitetsverktøy er ein ny måte å driva tenesteutvikling på i NAV. Verktøya er basert på skalaer eller sjekklister med 15 til 25 punkt, som definerer praksis og organisering av tenesta. Kvar teneste skal evaluerast ein til to gonger i året. Kvart skalapunkt får ein skår som vert summert til ein totalskår, som då gir ein indikasjon på kvaliteten til tenesta. 

Jobbspesialistar som deltok i undersøkinga svarar at kvalitetsverktøya gir eit nyttig eksternt blikk på tenesta, og at dei bidreg til læring og utvikling. Jobbspesialistar innafor både IPS kvalitetsskala og «Kvalitetsveilederen» meiner at verktøya bidreg til å klargjera og avgrense oppgåver, og sikrar at dei held fokus på metodikk i arbeidet:

− Man blir jo litt fanget i egen hverdag. Utvikler rutiner som ikke er helt hensiktsmessige, ikke innenfor metodikken heller. Så jeg er veldig glad for at vi har disse kvalitetsveiledningene (Jobbspesialist, Kvalitetsveilederen).

− Man får en pekepinn på hvordan man ligger an, om man følger IPS. Blir bevisst på hvordan man jobber. Vet hva man skal forholde seg til (Jobbspesialist, IPS-tjeneste utanfor NAV).

− Av og til tenker jeg at mange av punktene skulle vært en selvfølge. Men det er ikke en selvfølge at tjenesten er forankra hos lokal ledelse. Eller at man har et godt samarbeid med veiledere. Eller at metodeveiledere er med på feltveiledninger (Jobbspesialist, Kvalitetsveilederen i utvidet oppfølging).

Avdekker også utfordringar

Undersøkinga avdekker også problem og utfordringar i arbeidet med kvalitetsverktøya i praksis, ulike syn på kva slags læring kvalitetsverktøya bidreg til og ulike syn på korleis kvalitet kan og bør definerast. 

I tillegg til å handle om organisering av tenestene, handlar kvalitetsverktøya også om å forbetre praksisen til den enkelte tenesteutøvar. Dette kan skape spenningar mellom verktøya og den enkelte utøvar sitt skjøn i det konkrete arbeidet. Fleire informantar opplever til dømes at dei har viktige arbeidsoppgåver som ikkje vert omfatta av kvalitetsverktøya:

Tenesta har fokus på arbeid, men deltakarane kan også ha behov for hjelp og oppfølging på andre område. Den tette oppfølginga kan medføre behov for «brannsløkking», å jobbe med nettverk og koordinering, kreativitet og fleksibilitet. Det kan oppstå dilemma mellom å vere metodefast på den eine sida, og ha fokus på individuelle behov hjå den enkelte deltakaren på andre sidan – Vidar Bakkeli, stipendiat ved Arbeidsforskningsinstituttet AFI ved OsloMet

Ulike kunnskapssyn

Forskarane fann to hovudtenkesett eller kunnskapssyn i datamaterialet (to «idealtypar»). På den eine sida legg nokre informantar eit helsevitskapleg syn til grunn med vekt på faktabasert kunnskap; at kvalitetssikring handlar om å følgje metoden i størst mogleg grad, og at dette vil gi ønska resultat uavhengig av stad og lokal kontekst. Som ein jobbspesialist sa:

− Jeg synes det er en helt nydelig metode. Jeg liker kvalitetssikring. Liker systemer, liker metoden (Jobbspesialist, IPS-teneste utanfor NAV).

På den andre sida har nokre informantar meir eit samfunnsvitskapleg og prosessorientert utgangspunkt med vekt på dugleiken til den enkelte jobbspesialist, kompetanse og utfordringar i møtet med den enkelte arbeidssøkar og denne sine behov, framfor fokus på standardiserte praksisar for å sikre høg skår i teamet. 

Jobbspesialistar med dette grunnsynet er meir kritiske til dei delene av kvalitetsarbeidet som handlar om telling, registrering og skåring. 

«Kandidatane er ikkje standard, dei er ulike»

Ei erfaring er at kvalitetsarbeidet med både IPS-kvalitetsskala og «Kvalitetsveilederen» har ein tendens til å dra merksemda mot skåringspunktene i verktøyene, slik at metoden vert assosiert med eit utvalg kvantifiserbare faktorer. 

Til dømes har IPS-kvalitetsskala krav om at 65 prosent av arbeidstida må brukast utanfor kontoret dersom ein skal få høgaste skår. 

 − Vi er veldig opptatt av skåren, mer enn av de tingene som kan hende burde telle mer da (…), det er litt sånn for å ta en prøve (Jobbspesialist, IPS-kvalitetsskala i utvidet oppfølging). 

Ei bekymring blant jobbspesialistane er at dette kan føre til at vesentlege og meir kvalitative sider, som relasjonsarbeid med den enkelte deltakar og individspesifikke behov, ikkje får nok merksemd i kvalitetsarbeidet. Undersøkinga avdekker frustrasjonar blant ein del praktikarar knytt til dette:

− SE-rollen er å være kreativ, hver arbeidsgiver er ulik, derfor er det slitsomt med formelle krav om så og så mange arbeidsgivere, så og så mye utetid – det sliter veldig på meg. Det er viktig å ha en fri rolle fordi kandidatene er ikke standard, de er ulike. Jeg må vere løsningsorientert – må snekre, fikse, ordne type oppgaver, arbeidstid, lønn – alt må spesialtilpasses, det er ikke noe som er standard. Da må vi ha fritt spillerom. (Jobbspesialist, IPS-kvalitetsskala i utvida oppfølging).

Behov for refleksjon om tjenesteutvikling

Ei sentral problemstilling handlar om i kva grad kvalitetsverktøyet skal definere «rett praksis» i arbeidet med arbeidsinkludering:

Vi finn ein tendens i feltet til å setje likskapsteikn mellom metode og kvalitetsverktøy. Det er behov for å snakke meir om forholdet mellom kvalitetsverktøy og metodar i arbeidet, og kan hende skilje klarare mellom desse – Kjetil Frøyland, forsker II ved Arbeidsforskningsinstituttet AFI ved OsloMet

− Til dømes peikar nokre jobbspesialistar på at arbeidet dei gjer ute hjå arbeidsgivar i liten grad vert dekka av kvalitetsverktøyet. Dette kan føre til nedprioritering av oppfølging på arbeidsplassen, sjølv om dette er ein heilt sentral del av SE-tilnærmingane, utdjuper forskaren.

Fakta om arbeidsretta oppfølging

  • NAV har dei siste åra i aukande grad tilbydd arbeidsretta oppfølging, innafor satsinga "utvida oppfølging i eigenregi". I denne satsinga jobbar jobbspesialistar etter oppfølgingsprinsipp frå Supported employment (SE) og Individual placement and support (IPS), på norsk oversett til individuell jobbstøtte.
  • Føringane for denne utviklinga kom frå stortingsmeldinga «NAV i ei ny tid – for arbeid og aktivitet» frå 2016, der regjeringa blant anna føreslo at NAV skal styrke dei arbeidsretta tenestene og sikre betre brukaropplevingar.
  • Andre mål er at lokale NAV-kontor skal bli meir autonome og myndige, og at arbeidet i større grad skal ta utgangspunkt i forskingsbasert kunnskap om arbeidsinkludering, arbeid og helse, interaksjon med brukarar og innovasjon.
  • Dei tre kvalitetsverktøya er: 
  1. «Individual placement and support» (IPS) kvalitetsskala (IPS-kvalitetsskala). Basert på ein 25-punkts skala, som definerer prinsipp for tenesteorganisering, innhald og kvalitet i tenesta som vert ytt. Er også ein samhandlingsmodell for integrering med psykisk helse-tenester. IPS har vist gode resultat i ein rekkje randomiserte kontrollerte studiar (RCT) i fleire land. Blant anna har fleire IPS-deltakarar fått jobb sammenligna med tradisjonelle tenester.
  2. «Kvalitetsveileder for jobbspesialistteam» i utvida oppfølging i NAV. Utvikla av NAV, basert på SE-femtrinnsprosessen, EUSEs verktøykasse og IPS-kvalitetsskala.
  3. “Supported employment quality framework” (SEQF). Utvikla med utgangspunkt i SE- femtrinnsprosessen som vektlegg evaluering av heile organisasjonen og identifisering av forbetringsområde. Utvikla med EU-midlar. Supported Employment Noreg (SENO) er ansvarleg for verktøyet i Noreg. 

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 10.09.2020 | Nina Alnes Haslie