Nytt EU-prosjekt vil endre matsystemet i byane

Fiskehandlar i Danmark

OsloMet og Oslo kommune er norske partnarar i prosjektet, som har fått støtte frå Horisont 2020, EUs rammeprogram for forsking. Fylkesmannen i Oslo og Viken har også ei viktig rolle i prosjektet.

– Dette er kjempeartig, og det er noko vi har jobba med i over to år. Det er svært gledeleg at vi når gjennom i den harde konkurransen om forskingsmidlar.

Det seier seniorforskar Einar Braathen ved By- og regionforskingsinstituttet NIBR, som skal leie innsatsen til OsloMet og ein av arbeidspakkane i prosjektet. Braathen har samarbeidd om søknaden med seniorforskar Svein Ole Borgen ved Forbruksforskingsinstituttet SIFO.

Viserektor for forsking og utvikling Per Martin Norheim-Martinsen gratulerer forskarane.

– At OsloMet igjen lykkast i den harde konkurransen om forskingsmidlar frå Horisont2020, er svært gledeleg. Det vitnar om solid forarbeid av forskarane våre, evne til innovasjon og at prosjektet er samfunnsnyttig. Det er flott at eit storbyuniversitet som OsloMet, saman med Oslo kommune, er så tydeleg til stades i den internasjonale forskingsfronten på berekraftig byutvikling, seier Norheim-Martinsen.

OsloMet er eitt av tre FoU-institusjonar som sette i gang søknadsarbeidet. Sidan har eit tjuvtals FoU-institusjonar med ulike fagspesialitetar komme til.

Prosjektet har fått namnet «FUSILLI - Fostering the Urban Food System Transformation through Innovative Living Labs Implementation», og skal gjennomførast i perioden 2020-2024. Prosjektet har eit budsjett på godt og vel 11 millionar euro, og 13 prosent går til dei norske partnarane OsloMet og Oslo kommune.

Det er ei stor interesse blant borgarane i byane for å leve meir miljø- og klimavennlege liv, så mat er noko byane bør ta på alvor. – Seniorforskar Einar Braathen, NIBR, OsloMet
Seniorforsker Einar Braathen, NIBR, OsloMet

FUSILLI

Hovudmålet med prosjektet er å utvikle ein urban matplan for byane, som skal bidra til å oppnå ein integrert og trygg heilskapleg overgang mot sunne, berekraftige, sikre, inkluderande, rettferdige og kostnadseffektive matsystem, gjennom gjennomførbar og overførbar innovativ bypolitikk som fører til implementering av forbetra tiltak i alle fasar av matvarekjeda. 

Alle aktivitetar i prosjektet skal forankrast i dei fire FOOD 2030-politikkprioriteringane til EU (Ernæring for berekraftige og sunne diettar; Klimasmarte og miljømessige berekraftige matsystem; Sirkularitet og ressurseffektive matsystem ; Innovasjon og empowerment av lokalsamfunn).

Prosjektet omfattar 12 byar i og utanfor EU med stor variasjon i storleik (store, mellomstore, små), plassering (aust, vest, nord og sør i Europa) og styringsformer. Dette gir prosjektet eit mangfald og kompleksitet som forskarane ser fram til å utforske gjennom nye samanlikningar og problemstillingar.

Skal eksperimentere og skape beste praksis

Kvar av dei 12 byane i prosjektet vil opprette eller forbetre utviklinga av såkalla levande laboratorium («Living Labs»). Dette er opne innovasjonsøkosystem der konkrete tiltak vil bli utforma og sett i verk med brei medverknad frå mangfaldet av aktørane i byane. Eit viktig siktemål med prosjektet er med det å utvikle effektive og inkluderande metodar for innovativ byutvikling som andre byar kan lære av.

På den eine sida skal forskarane ved OsloMet formidle erfaringar i korleis dei 12 byane best formar om matsystema sine. På den andre sida skal dei følgje Oslo spesielt tett og evaluere prosessen undervegs. Prosjektet skal også stimulere til tettare samband mellom byborgarar og lokale produsentar i det nære omlandet i byane.

Kontakt

Laster inn ...