SIFO er partnar i CONVIVIUM, som har mål om å etablere ei ny forståing av matkulturarv, med fokus på berekraft, lokalmiljø, samvær og samfunnsdeltaking.
CONVIVIUM – New European Bauhaus Solutions in Food, Living Heritage, and Conviviality er eit samarbeidsprosjekt som har fått finansiering frå Horisont Europas pilar 2, klyngje 2 under det tverrgåande temaet New European Bauhaus.
SIFO, ved Atle Wehn Hegnes og Virginie Amilien, skal leia to av arbeidspakkene i prosjektet, som spring over tre år frå 2025.
– CONVIVIUM blir eit nytt og viktig trinn i SIFO sin allereie etablerte forsking på, og utvikling av, norsk og europeisk matkultur, seier seniorforskar Atle Wehn Hegnes ved SIFO.
Revitalisere tradisjonelle matpraksisar
Prosjektet tek utgangspunkt i fem matlandskap:
- Coimbra, Portugal
- Gdánsk, Polen
- Baskarland, både i Spania og Frankrike
- Flandern, Belgia
- Lofoten, Noreg
Der vil partnarane starte konkrete oppgåver for å omdefinere matkultur, revitalisere tradisjonelle, berekraftige matpraksisar og etablere matkulturarv som ein viktig del av kultur, identitet, inkludering, økonomi, turisme og territorial økonomisk konkurranseevne. Desse stadene er valde ut på grunn av betydninga deira for matkultur, tradisjon og lokalmiljø.
Blant problema desse områda opplever er klimaendringar, motstridande interesser i befolkninga, lite kunnskap om matlandskap, byråkrati og mangel på finansiering og interesse for revitalisering av kulturarven. CONVIVIUM vil utforske og gi løysingar på desse utfordringane.
Samvær, mat og kulturarv er søylene i prosjektet, som vil involvere og engasjere lokalbefolkninga. Ved å bruka mat og matkultur på ulike måtar – frå hagearbeid til avlingsdyrking, til praksis rundt bordet og på kjøkkenet – vil CONVIVIUM byggje gjensidig påverknad, respekt og omsorg i relasjon til kvarandre, nærmiljøet og naturen ved bruk av folkeforsking, dialog, kunst og design.
Prosjektteamet
CONVIVIUMS konsortium består av 15 organisasjonar frå 6 europeiske land (Portugal, Frankrike, Noreg, Nederland, Polen og Spania), og dessutan 5 assosierte partnarar (frå Noreg, Portugal og Belgia). Det tverrfaglege prosjektteamet består av forskarar innan humaniora, kommunikasjon og samfunnsvitskap, med partnarar som arkitektar, kunstnarar, kulturarvspesialistar og frivillige organisasjonar.