– Eg gler meg til å samarbeide med gode kollegaer, og ikkje minst til å lære og forstå spennande initiativ i Ålesund, Asker, Oslo, Amsterdam og Cape Town, seier Hege Hofstad, prosjektleiar frå By- og regionforskningsinstituttet NIBR ved OsloMet.
Forskingsprosjektet CIRCULAR skal undersøkje kva styringsfaktorar som kan bidra til eit skifte mot sirkulær økonomi.
I ei verd som stadig blir varmare, med aukande press på både natur, ressursar og menneske, kjem erkjenninga av at klimaproblemet ligg i sjølve samfunnsstrukturen – i det økonomiske systemet, korleis vi organiserer oss og korleis vi lever.
Sirkulær økonomi tek sikte på å bidra til redusert trykk på miljøet ved å redusere bruk av råvarer, avfall, utslepp og energiforbruk. Målet er at produkta skal vare lengst mogleg ved å reparere og gjenbruke. Når produkta ikkje lenger kan brukast, skal materialet vinnast tilbake og blir brukt på nytt til å produsere nye produkt.
Samskapning i overgangen
Overgang frå lineær til sirkulær økonomi er likevel ei kompleks samfunnsutfordring. Det vil krevje løysingar som blir saman skapte mellom fleire offentlege og private aktørar.
Det er dette forskarane i CIRCULAR skal sjå nærare på: Kva for nokre kritiske styringsfaktorar må leggjast til rette for å få til eit slikt skifte? Og korleis fungerer ulike typar samskapingsplattformer som brubyggjarar og innovasjonsdrivarar?
Med på laget har Hofstad og Vedeld forskarane Kristian Tvedt og Gro Sandkjær Hansen, også dei frå By- og regionsforskingsinstituttet ved OsloMet. Prosjektet har også ei rekkje samarbeidspartnarar: Universitetet i Bergen, NTNU – Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet , SoCentral, Pådriv, Utrecht Universitet, Cape Town Universitet, Æra, KS – Organisasjonen til kommunesektoren og Norsk Senter for sirkulærøkonomi.
Målet er at prosjektet skal samanlikne ulike institusjonelle kontekstar i byar både det Globale Nord og det Globale Sør.
Klimaprotestar
Hofstad er også prosjektleiar for eit anna Forskningsråd-prosjekt, DEMOCLIM, som blir ferdigstilt i 2024. Her undersøkjer også forskarane klima- og miljøutfordringar for styresmaktene, ved å sjå på klimaprotestrørsler i dei norske og svenske storbyane Oslo, Bergen, Stockholm og Gøteborg - både rørsler som kjempar for kraftigare klimatiltak og dei som kjempar imot, og korleis styresmaktene handterer splittinga mellom dei ulike interessene.
Sosial rettferd har vore eit sentralt fokus her; korleis klimaomstillinga kan vareta klima- og miljøomsyn utan å skape eller forsterke sosial forskjell i samfunnet.
Når fleire erkjenner at klimaproblemet ligg i sjølve samfunnsstrukturen kjem dei sosiale sidene ved klimaomstillinga tydelegare fram.
Det kjem Hofstad og Vedeld til snakke meir om på Arendalsuka i august.
– Temaet går til kjernen av dagens klimautfordring: Nemleg å få til rask omstilling – for det hastar no – og samtidig sikre at færrast mogleg tapar på dei grepa som blir gjorde, seier Hofstad.