Noreg deltek aktivt i helsesamarbeidet med Russland gjennom Barentssamarbeidet, Den nordlege dimensjon og Arktisk råd. Tilskotsordninga som no skal evaluerast, blir forvalta av Helse- og omsorgsdepartementet med midlar frå Utanriksdepartementet.
Gjennom denne ordninga blir det gitt støtte til faglege prosjekt med norsk og russisk partnar. Hovudmålet er å styrkje helsesamarbeidet mellom fagmiljø i Noreg og Russland og å bidra til betre folkehelse.
Evalueringa av tilskotsordninga blir leidd av forskar Aadne Aasland ved By- og regionforskingsinstituttet NIBR. NIBR vil samarbeide med NORCE Research AS og Luzin Institute for Economic Studies i Apatity i Murmanskregionen. Teamet har omfattande erfaring med gjennomføring av evalueringar av norsk-russiske samarbeidsprogram.
– NIBR gjennomførte ei tilsvarande evaluering av helsesamarbeidet i 2007. Alle forskarane til teamet er for tida engasjerte i eit større forskingsprosjekt nettopp om samarbeidet med Russland på helse- og velferdsområdet gjennom dei siste 20 åra, fortel Aasland.
Som eit grunnlag for evalueringa vil forskarane gjennomføre ein gjennomgang av søknader, eigenevalueringar, og andre relevante dokument knytt til helsesamarbeidet mellom Noreg og Russland, ei elektronisk spørjeundersøking retta mot prosjektansvarlege for prosjekt som har fått støtte i dei to land, og dessutan intervju med utvalde prosjektansvarlege og andre sentrale aktørar innan helsesamarbeidet, på norsk og russisk side.
-
Evaluering av tilskuddsordningen til helsesamarbeid med Russland
En evaluering av tilskuddsordningen til helsesamarbeid med Russland, på oppdrag for Helse- og omsorgsdepartementet.