– Vi er glade for å annonsere at samarbeidsprosjektet vårt FoodStories: Heritagisation for Sustainable Value Creation har fått innvilga støtte, seier Annechen Bahr Bugge.
Ho er sosiolog og forskar på mat- og spisevaner ved Forbruksforskningsinstituttet SIFO, OsloMet. I fire år har ho leia prosjektet FoodLessons.
Det nye prosjektet er ei vidareføring av FoodLessons og er finansiert av Norges Forskingsråds optimaliseringsmiddel for humaniora, som forvaltast av porteføljestyret for banebrytande forsking.
– Vi er takknemlege for moglegheita til å byggje vidare på det arbeidet og samarbeidet vi har hatt dei siste tre åra. FoodStories gir oss ei spennande moglegheit til å utforske og framheve Noregs mat- og drikkearv, med særleg fokus på lokal verdiskaping og kulturell rikdom.
– Vi ser fram til å starte dette arbeidet i byrjinga av 2025, seier Bugge.
Prosjektet er tverrfagleg og har rundt 20 partnarar frå akademia, museum, næringsliv, stiftelsar, bibliotek, bønder og kokker.
Følg prosjektet
Følg FoodLessons og FoodStories på Facebook (facebook.com)
På biletet ser vi Annechen Bahr Bugge på feltarbeid sommaren 2024. Foto: 15sekunder