Norske kommunar må handtere fleire samanfallande kriser på éin gong: Det blir stadig fleire eldre og færre yngre til å ivareta den aldrande befolkninga. Samfunnet står ovanfor ei pågåande klima- og miljøkrise som krev øyeblikkelege tiltak. Og barnevernet slit med kapasiteten og tillit hos innbyggjarane.
Dagens velferds- og klimamodellar i norske lokalsamfunn er ikkje berekraftige. Kommunane er dårleg rigga politisk, institusjonelt og økonomisk for å møte klimakrisa. Det er òg eit aukande gap mellom folks forventningar til velferdstenester, og kva det offentlege kan levere.
Korleis kan samarbeid og samskaping mellom det offentlege, det private, og befolkninga fremje innovative fellesskapsløysingar og berekraftige framtidssamfunn?
Innlegg:
- Samskaping i teori og praksis? Held den kva den lovar? Professor Asbjørn Røiseland, Handelshøgskolen, OsloMet
- Innbyggjarane sin modell – erfaringar og vegen vidare (Trondheim) Førsteamanuensis Dina von Heimburg, NTNU, Welfare: Nordisk forskingssenter for livskvalitet og sosial berekraft
- Innovasjon, leiing og samskaping innan klima, eldreomsorg og barnevern (døme frå Asker, Bodø og Stavanger), forskarar Hege Hofstad og Trond Vedeld, NIBR, OsloMet
- Behov for nye lokalsamfunnsmodellar – kvifor og vegen vidare? Prosjektleiar Grethe Salvesvold, KS Kommunesektorens organisasjon
Paneldebatt:
- Kva endringstiltak og samfunnsmodellar peikar desse kommunane sine erfaringar mot? Geir Heierstad, instituttleiar, NIBR, OsloMet.
- Innleiing ved Tone Merethe Aasen om Trondheim kommune sine erfaringar med samskaping.
- Panelsamtale med Tone Merethe Aasen, Grethe Salvesvold, Dina von Heimburg, Hege Hofstad og Asbjørn Røiseland.
Et SAMSVAR-seminar
Dette arrangementet er ein del av SAMSVAR-seminara.
Ved OsloMet har forskingsmiljøa ved Senter for velferds- og arbeidslivsforsking (SVA) og Fakultet for samfunnsvitskap (SAM) gått saman for å etablere ein arena for meiningsutveksling mellom politikk og forskingsfeltet.
Miljøa inviterer til seminar om aktuelle samfunnsutfordringar. Målet med seminarserien er å bidra til å skape profesjons- og praksisrelevant kunnskap.