Leiarar og tilsette må samhandle for å nå måla sine – og det kan du lære

Portrettbilete av Hilde Mobekk.

Mobekk er underviser i emnet Organisering gjennom samhandling. Emnet skal gi deg ei forståing for kva som påverkar samhandling, og korleis du best mogleg kan legge til rette for god samhandling for ulike organisasjonstypar i ei norsk kontekst. 

Organisering gjennom samhandling

Emnet er på 10 studiepoeng er utvikla av Handelshøyskolen. Emnet kan inngå som del av Executive Master of Management

Samhandling handlar ikkje berre om å utveksle informasjon, koordinere møtetidspunkt og arbeidsoppgåver. Det handlar også om å jobbe integrert saman mot felles mål for organisasjonen.

– Det kan vere utfordrande fordi vi som samhandlar er menneske og vi er ulike. Vi blir påverka ulikt, og kva som skal til for god samhandling for ein person kan vere veldig annleis for ein annan, seier Mobekk. 

I tillegg påverkar organisasjonsstrukturen og kulturen samhandlingspraksisen. 

– Det handlar om å sjå heile puslespelet. Då må vi først forstå kva dei ulike brikkene består av, slik at vi kan sette brikkene saman på best mogleg måte. 

Du blir oppfordra og utfordra til å tenke gjennom kva som fremmar og hemmar samhandling i organisasjonen din, og eigen samhandlingspraksis.

Dette seier tidlegare studentar:

Bezawit Tadele, Seniorkonsulent i DNB

– Det var veldig lærerikt, praktisk retta og godt tilrettelagt. Det var veldig lett å kople saman med arbeid. Det var stor forskjell frå emne eg har tatt tidlegare kor det har vore meir teorifokus og ikkje så lett å bruke i arbeidet.

Talette Rørvik Simonsen (ph.d.), forskings- og utviklingsansvarleg på Nasjonalmuseet

– Det var utruleg givande. Det blir sånn litt personleg reinsing – det å få eit teoretisk apparat, og liksom kunne skjønne det ein opplever.

Judith Johansen Birkedal, HR-rådgivar i Noregs ingeniør- og teknologorganisasjon (NITO)

– Eg opplevde å bli sett og få kontakt. Det å kjenne seg sett er så sterkt enten det er som leiar-medarbeidar eller forelesar-student, så å klare å skape den kontakten er veldig imponerande å få til på skjerm. 

Liv Sigrid Haugejorda, Spesialrådgivar i Bærum kommune

– Eg fekk mange verktøy som gav meg eit veldig stort utbytte av studiet på ein annan måte enn det eg hadde forventa.

Madiha Syed, Nordic Solution Expert i TD SYNNEX

– Faget har vore ei verdifull erfaring, som har bidratt til den personlege og faglege utviklinga mi. Eg er veldig fornøgd.

Ein "prakademisk tilnærming"

Som student ved Organisering gjennom samhandling fører du med deg erfaringane dine og kompetansen din inn i læringa og undervisninga. Målet er å få auka kunnskap om kvifor noko av det du har erfart fungerer, kva som ikkje fungerer og korleis du kan legge til rette for betre samhandling og auka måloppnåing.

– Emnet er utvikla og tilrettelagt for studentar som kombinerer studiar med ein hektisk kvardag. Du følgjer undervisninga digitalt og det er ingen fysiske samlingar, seier Mobekk.

Organisering gjennom samhandling skal lære deg viktigheita av samspel og samarbeid for å nå mål, bevisstgjere deg på eigen samhandlingspraksis, og gi deg nokre gode verktøy på vegen.

Kontakt

Laster inn ...