– OsloMet Holmlia syntest eg verkeleg er eit eksempel til etterfølging. Det at utdanningsinstitusjonar spreier seg meir rundt i byen, og gjer ein innsats for å vere synleg og tydeleg i bydelane, og område der me veit det er nokre levekårsutfordringar, seier Lindboe (H).
Lindboe hadde i høvet teke turen innom OsloMets lokale på Holmlia Senter.
– Me veit at barn og unge treng førebilde og nokon å strekkje seg etter. De treng å kjenne på eit innenforskap. Og dei treng å tenkje at høgare utdanning og det å komme seg ut i arbeidslivet og gjere noko nyttig, også er noko for dei, seier ho.
Dei unge kaller det «OsloMet-inngangen»
Ho meiner det fysiske nærværet ikkje må undervurderast.
– Eg høyrde at nokre lokale barn og unge kallar dette for OsloMet-inngangen på senteret. Og det betyr også at OsloMet er synleg for barn og unge her, seier ho.
Lindboe trur det at OsloMet er synlege i bydelen hjelper barn og unge med å tenkje at høgare utdanning også er for dei.
– Me veit at barn og unge treng førebilde og nokon å strekkje seg etter. Dei treng å kjenne på eit innenforskap. Barn og unge treng å tenkje at høgare utdanning og det å komme seg ut i arbeidslivet og gjere noko nyttig også er noko for dei, seier ho.
Derfor er det ikkje uvesentleg for dei unge å ha eit universitet i nærmiljøet sitt.
OsloMet treng bydelen
Lindeboe trur ikkje det berre er bydelen som har nytte av å ha OsloMet fysisk til stades i bydelen.
– Bydel Søndre Nordstrand er ein bydel med ein stor del barn og unge. Det er ein bydel som også har nokre utfordringar med utanforskap. Korleis me kan sikre at barnehagane blir så gode som mogleg? Korleis kan me hjelpe barn med å nå potensiala sine og at dei blir godt rusta på skolen?
Ho trur OsloMet har ein del svar gjennom forskinga si og utdanningane sine. Men OsloMet treng også bydelen.
– For bydelen her er det positivt å få tilgang til kompetanse og kunnskap mykje tettare på praksisfeltane sine. For OsloMet er det viktig at dei utviklar utdanningane sine og forskinga si i tråd med det som faktisk er dei reelle behova til bydelen. Og for så vidt resten av Oslo, seier Lindboe.