Kunnskapsdepartementet stod bak delegasjonen, og frå norsk side var det spesielt merksemd rundt korleis Panorama-strategien til regjeringa kan vere eit verktøy i møte med problematikken.
– Noreg er oppteke av internasjonalt samarbeid innan utdanning, forsking, og innovasjon, seier prorektor for samfunnsforbetringar og samarbeid Carl Thodesen. – Brasil-turen har hatt fokus på samarbeid, og særleg innan berekraft og norsk-brasiliansk samarbeid. På turen har me sett mange eksempel på dette frå ulike norske institusjonar.
Det har vore veldig spennande å sjå dei prosjekta OsloMet har med brasilianske forskarar innan berekraft, og kor stor pris både brasilianske og norske studentar har sett på utveksling mellom dei to landa våre.– Carl Thodesen
Innlegg om klimaangst
Karine Porpino Viana, førsteamanuensis ved Institutt for sosialfag, var invitert til å halde innlegg om korleis klimaangst artar seg annleis i eit nord/sør-perspektiv på seminaret i Rio de Janeiro.
I eit tredelt foredrag tok Viana for seg klimaendringar frå eit psykologisk perspektiv, før omgrepet «klimaangst» vart sett i perspektiv. Til sist vart det drøfta korleis både studentutveksling og internasjonalt forskarsamarbeid kan bidra på feltet.
– G20-seminaret var ei berikande og unik oppleving for meg som forskar, seier Viana. – Diskusjonane som følgde innlegget om klimapsykologi fekk opp viktige perspektiv for universiteta i tida framover. Tverrfaglegheit og internasjonalisering i akademia er ein del av løysinga for å takle utfordringane klimaendringane fører med seg.
Panorama-strategien eit viktig verktøy
Gjennom Panorama-strategien (regjeringen.no) ønskjer regjeringa å leggje til rette for målretta, bilateralt samarbeid innanfor høgare utdanning, forsking og innovasjon medblant anna Brasil.
Målet er å leggje til rette for ei langsiktig styrking av faglege kontaktflater mellom Noreg og strategilanda, og stimulere til samspel mellom høgare utdanning, forsking og innovasjon.
– Det er viktig at OsloMet signaliserer tydeleg at me er ein aktør innan internasjonal forsking. Me jobbar aktivt med Panorama-strategien. Internasjonalt samarbeid er prioritert i den nye strategien til Oslomet. Gode eksempel og resultat, som me har sett her i Brasil, er viktig å synligjøre, avsluttar Thodesen.