Ærespris til Velferdsforskingsinstituttet NOVA

Ungdom og Fritids ærespris 2021 går til Velferdsforskningsinstituttet NOVA ved OsloMet.

Ungdom og Fritids ærespris er ein årleg pris som blir delt ut til personar, organisasjonar, eller andre som har hatt ein særleg innsats for å løfte fritidsklubbar og opne møteplassar for barn og ungdom.

Grunngivinga frå juryen

I grunngivinga si for tildelinga skriv juryen at  forskingsinstituttet NOVA sitt arbeid med å hente, og dessutan publisere tal, forskingsartiklar og generelt god kunnskapsoverføring rundt barn, unge og behovet til vaksne, er med på å gi ei breiare forståing av korleis ein nedkjempar utanforskap i samfunnet.

Dei skriv vidare at "NOVA sitt arbeid har vore nyttig for vårt felt, der me har jobba med tala henta frå Ungdata både på nasjonalt, men også på lokalt plan. Medlemsklubbane våre melder om at deira arbeid har kunne underbyggje lokale satsingar på kommuneplan. Samtidig har Ungdom og Fritids sekretariat brukt nasjonale Ungdata-tal til å jobbe opp mot rikspolitikarar for å underbyggje viktigheita av eit fritidstilbod til barn og unge."

− Dette var overraskande og noko me set veldig stor pris på. Vi har stor respekt for det arbeidet som Ungdom og Fritid og medlemsklubbane deira rundt om i landet legg ned for å gi eit trygt og inkluderande fritidstilbod til ungdom, seier direktør Guro Ødegård ved NOVA. 

− Vi opplever det derfor både motiverande og inspirerande for det vidare arbeidet vårt at vi får denne anerkjenninga.

Æresprisen vart delt ut på landskonferansen til Ungdom og Fritid (ungdomogfritid.no), som fann stad på Hamar 8. og 9. november 2021.

Publisert: 09.11.2021 |