Er det mogleg å byggje bustader som fleire har råd til, i område som i utgangspunktet har høge bustadprisar?
Går det på IKEA-lønn?
– Me skal sjå på Askers spesielle utfordringar knytte til eksisterande bustadstruktur og befolkningssamansetning, opp mot dei måla kommunen har sett når det gjeld sosiale buformer og inkludering av ulike befolkningsgrupper, seier prosjektleiar Mari Olsen Mamre, forskar ved NIBR.
Prosjektet vil mellom anna sjå på bustadsamansetninga i området Billingstadsletta og bustadprisane i forhold til inntektsgrunnlaget i området.
– Bustadprisane vil bli samanlikna med ein kjøpekraftindeks for utvalde grupper i den lokale arbeidsmarknaden, som for eksempel ein IKEA-tilsett, seier Mamre.
Kan me dele?
Nye, meir berekraftige buformer som stimulerer til sjølvstende, sosiale møteplassar, livskvalitet og deltaking, vil vere eit viktig verktøy for å få prisane ned.
– Tanken er at å bu saman med andre kan vere ein god strategi for å motverke einsemd og auke aktivitet blant eldre, for eksempel, seier Mamre.
Undersøkinga vil også sjå på andre bu-modellar som leie-til-eie og del-eige, i tillegg til konsept med delvis individuelle og dels felles løysingar i bustadene.
– Innanfor segmentet «rimelege bustader» er desse modellane spesielt aktuelle, seier Mamre.
Prosjektet, som er finansiert av Billingstadsletta sør, skal vere ferdig ved utgangen av januar 2025.