For å lykkast med innovasjon, digitalisering og implementering i helse- og omsorgssektoren treng vi meir forsking på helse og teknologi.
– Såkornmidlane skal gå til forsking som bidreg til kunnskap som helse- og omsorgssektoren treng, seier Vibeke Telle-Hansen, professor i ernæring ved OsloMet og fagleg ansvarleg for Intelligent helse.
Intelligent helse har som mål å stimulere til meir forsking på helse og teknologi for å løyse helseutfordringane samfunnet står ovanfor.
– Ved å stimulere til forsking på helse og teknologi håpar vi at vi får teknologiske løysingar med god kvalitet, seier Telle-Hansen.
Skal fremje samarbeid
Eit krav til søknaden (ansatt.oslomet.no) er at forskingsprosjektet blir gjort i samarbeid med offentleg og/eller privat sektor.
– Samarbeid mellom offentleg sektor, næringsliv og akademia står sentralt for å sikre gode helsetenester i framtida, seier Telle-Hansen.
Dette er andre gong Intelligent helse lyser ut såkornmidlar. I 2022 delte Intelligent helse ut til saman 3 millionar kroner til åtte tverrfaglege forskingsprosjekt ved OsloMet. Fellestrekkene for prosjekta var at dei bygde på teknologi og fremja samarbeid for å finne gode og betre løysingar.
– Utlysinga i 2022 viste at det var eit stort engasjement ved OsloMet knytt til helse og teknologi. Vi ser fram til å få mange gode søknader i år, avsluttar Vibeke Telle-Hansen.