Samarbeidet handlar om mobilitet av studentar, lærarar og tilsette, og dei to universiteta skal samarbeide i gjensidige prosjekt, og om organisering av konferansar.
Dei skal òg samarbeide om fagleg publisering og redaksjonelt arbeid.
Dersom samarbeidet går utover avtalen, kan det bli aktuelt med eigne kontraktar.
Samarbeid i ei tid med raske endringar
Under signeringa av samarbeidsavtalen i Oslo 17. juni understreka rektor ved University of Hradec Králové, professor Kamil Kuča, at det er viktig å samarbeide i ei tid med raske endringar.
– Intensjonsavtalen som vi signerer i dag, er viktig i prosessen med å formalisere det allereie fruktbare samarbeidet mellom dei to universiteta våre.
Samarbeidet mellom OsloMet og University of Hradec Králové starta med AI Lab, og dei to institusjonane har arbeidd i lag dei siste åra.
Informatikk og helseteknologi
Intensjonsavtalen skal formalisere samarbeid innan utdanning og forsking innan informasjonsteknologi og helseteknologi.
– Til liks med OsloMet er University of Hradec Králové eit ungt og dynamisk universitet. Dei to institusjonane er mykje like når det gjeld utdannings- og forskingsportefølje, og deler fokus på tverrfagleg forsking innan ingeniørvitskap og helse.
– Begge universiteta legg stor vekt på innovasjon og samfunnsansvar, difor utgjer avtalen vi signerer ein god match, både for forskingsmiljø og samarbeid, men også for institusjonane sjølve.
– Dette gir oss moglegheiter for samarbeid, felles forskingssøknader, utveksling av studentar og tilsette, utdanning, innovasjon og teknologioverføring. Vi ser verkeleg fram til å utvikle relasjonar dei neste åra, sa Kamil Kuča.
Høge publikasjonstal
Det tsjekkiske universitetet har markert seg med høge publikasjonstal innan forsking dei siste åra, og dette blir òg lagt merke til og gjer inntrykk på OsloMet.
Opplæring i å skrive vitskaplege artiklar og søknader, og økonomisk satsing på forsking og internasjonalisering har gitt gode resultat.
Universitetet har òg gjort det godt i rangeringar, og dette har hatt mykje å seie for ressurstilgangen.
Gode relasjonar viktig for internasjonalt samarbeid
Dekan Carl Christian Thodesen ved Fakultet for teknologi, kunst og design ved OsloMet la vekt på gode og sterke relasjonar som grunnlag for internasjonalt samarbeid.
Spesielt innan teknologi har OsloMet vorte ein internasjonal institusjon, med mange nasjonalitetar blant dei tilsette.
Eit veksande teknologimiljø
– Gode prosjekt frå bransjen og gåver som tidlegare studentar har medverka til, gjer at universitetet får noko tilbake frå samfunnet. Det gjer oss sterkare.
Den omfattande teknologiske utviklinga har òg mykje å seie for at Fakultet for teknologi, kunst og design veks i storleik.
Samlar helse og teknologi
– No prøver vi å bringe helse og teknologi sterkare saman, sa Thodesen.
OsloMet er størst innan helseutdanning i Noreg, med nesten alle typar helseutdanningar, unnateke utdanning i medisin, ved Fakultet for helsevitskap.
Øvst i artikkelen ser vi rektor ved Universitetet i Hradec Králové, professor Kamil Kuča, og prorektor for FoU at OsloMet, Per Martin Norheim-Martinsen, signere avtalen.