Portrett av Olav Lysne

SimulaMet-direktør leverte rapport om digital sikkerheit

Olav Lysne, direktør for SimulaMet og professor ved OsloMet, overleverte 28. februar ein rapport til digitaliseringsminister Karianne Tung med forslag til tiltak for nasjonal kontroll med digital infrastruktur.

På oppdrag frå Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har ei ekspertgruppe leia av OsloMet-professor og direktør for SimulaMet (simulamet.no), Olav Lysne, sett på korleis staten kan ivareta nasjonal kontroll med kritisk digital kommunikasjonsinfrastruktur. 

28. februar mottok statsråd Karianne Tung rapporten, som også inneheld forslag til tiltak.

Les rapporten her (regjeringen.no)

Vurdert ulike verkemiddel

Ekspertutvalet har jobba sidan januar 2024, og har vurdert korleis verkemiddel som regulering og statleg eigarskap kan bidra til auka nasjonal kontroll med digital kommunikasjonsinfrastruktur som mobil- og breidbandsnett.

Ved overleveringa av rapporten trekte Olav Lysne fram at staten bør ha merksemd både på å identifiser økonomiske aktivitetar som er direkte sikkerheitstruande, og verknaden av økonomiske aktivitetar som utilsikta kan svekke kontrollen i ein internasjonal krisesituasjon.

–  Eg er stolt og glad for å kunne overlevere ein innholdsrik og grundig rapport om korleis staten kan arbeide systematisk og målretta med nasjonal kontroll med kritisk digital kommunikasjonsinfrastruktur, seier utvalsleiar Olav Lysne.

Viktig for OsloMet

SimulaMet er eit forskingsselskap som OsloMet og Simula Research Laboratory eig i fellesskap og som ligg sentralt plassert på OsloMet sin campus i Pilestredet. 

Rektor ved OsloMet, Christen Krogh, gratulerer utvalet og professor Lysne med rapporten, og er glad for det tette samarbeidet mellom institusjonane, om både forsking, utdanning og rettleiing av studentar.

– SimulaMet er ein viktig del av randsonen til universitetet. Fagmiljøea våre har eit tett samarbeid om teknologiforsking, blant anna innanfor digital infrastruktur og sikkerheit som jo er temaet her, seier Krogh. 

– Vi lever i ei stadig meir usikker verd. Noreg har eit stort behov for auka kunnskap og kompetanse innanfor IKT-faga. Alle delar av samfunnet i dag er påverka av og avhengig av teknologi, seier rektor. 

Les også: Olav Lysne leder ekspertutvalg (ansatt.oslomet.no)

Publisert: 28.02.2025 | Kjersti Thoresen