Fleire mannlege sjukepleiarstudentar står rundt ei seng. Nokon ligg i senga.

Fleire vil bli sjukepleiarar – og stadig fleire er menn

Talet på mannlege søkarar aukar med nesten femti prosent på sjukepleiarutdanninga i Oslo, viser årets søkartal for OsloMet.

– Vi er veldig glade for å sjå at så mange ønskjer å studere sjukepleie ved OsloMet. Behovet for sjukepleiarar er stort i heile landet, og vil auke i åra som kjem. Dette er både eit godt og trygt utdanningsval og eit val som er viktig for samfunnet, seier rektor Christen Krogh.

– Det er spesielt gledeleg at stadig fleire menn ønskjer å ta sjukepleiarutdanning hos oss. Vi har sett i gang tiltak for å auke trivselen blant dei mannlege sjukepleiarstudentane, og det er fint å sjå at vi når fram og ser ut til å appellere meir også til menn.

Også nasjonalt er det fleire søkarar til sjukepleiarutdanningane.

Fleire menn vel utradisjonelt

På sjukepleiarutdanninga i Oslo går søkartala totalt sett opp med 27 prosent samanlikna med fjoråret. Samtidig aukar talet på mannlege søkarar med 47 prosent, og menn utgjer no nær 17 prosent av søkarane. På sjukepleiarutdanninga på Kjeller er andelen nær 16 prosent.

Også andre kvinnedominerte utdanningar på OsloMet har i år fleire mannlege søkarar. På barnevern er nær 19 prosent av søkarane menn, mot 15 i fjor.

På vernepleie er 33 prosent av søkarane menn, medan nesten 20 prosent av dei som har søkt sosialt arbeid er menn.

Helsefag er populært

Sjukepleie er det mest populære studiet ved OsloMet med over 1 000 førstevalsøkarar. Ved sidan av sjukepleie er også andre helsefag, som ergoterapi, bioingeniør, og psykologi med vekt på adferdsanalyse populære blant søkarane i år.

Blant helsefaga er det framleis paramedisin som har den hardaste konkurransen om studieplassane, med nesten ti søkarar per plass.

I alt er det 14 227 søkarar som har OsloMet som førstevalet sitt. Dette er ein liten auke samanlikna med i fjor.

Størst konkurranse på informasjonsteknologi

Aller skarpast konkurranse blir det om studieplassane på årsstudiet i informasjonsteknologi. 246 søkarar knivar om 20 plassar – 12 søkarar per studieplass.

Også på dei andre IT-utdanningane, bachelor i informasjonsteknologi, anvend datateknologi og dataingeniør, blir det kamp om plassane.

24 prosent av søkarane på dataingeniør er kvinner, noko som er ein solid auke samanlikna med fjoråret.

Fleire OsloMet-studium har mange søkarar per studieplass. For eksempel har studieretninga i mote og produksjon på bachelor i kunst og design, 9,4 søkarar per plass.

Nedgang på lærarutdanningane, men stabilt på 1-7

På lærarutdanningane er tala stabile for grunnskolelærar for 1.-7. trinn, medan søkartala går ned for 5.-10. trinn. Også på barnehagelærar går søkartala ned.

– Sjølv om vi skulle ønskt at fleire søkte seg til grunnskolelærarutdanningane, er det positivt at tala for 1.-7. trinn er stabile. Vi ser fram til å ta godt imot nye, motiverte lærarstudentar. Vi skal gjere vårt for at dei får ei god studietid og ei utdanning som rustar dei for dette viktige yrket, seier Krogh.

– Vi held fram med å sikre god kvalitet i utdanninga, mellom anna i samarbeid med universitetsskolane i Oslo og på Romerike.

– Det er også flott å sjå at fleire av yrkesfaglærarutdanningane er populære i år. Behovet for kvalifiserte yrkesfaglærarar er stort i skolen og utdanningane våre bidreg med yrkesfagleg kompetanse som kjem heile samfunnet til gode.

Mest populær er yrkesfaglærarutdanninga i helse- og oppvekstfag, mens dei nettbaserte yrkesfaglærarutdanningane i bygg- og anleggsteknikk og i teknikk og industrifag er i vekst, og begge har rundt fire søkarar per plass.

Mange søker seg til økonomi, administrasjon og leiing

Studia i økonomi, administrasjon og leiing held fram med å trekke til seg mange søkarar.

Handelshøgskolen ved OsloMet har i år utvida talet på studieplassar kraftig, men framleis er det sterk konkurranse om å få plass på dei populære studieprogramma.

Bachelorstudiet i økonomi og administrasjon er det nest mest populære studiet på OsloMet, med 967 førstevalsøkarar.

Også deltidsstudiet i dokumentasjonsforvaltning er i vekst. Heile 360 søkarar har dette studiet som sitt førsteval og talet på studieplassar er auka frå 50 til 80.

Framleis mange mastersøkarar

Over 9200 ønskjer i år å ta ein master ved OsloMet, og i snitt konkurrerer nesten fem søkarar om kvar studieplass.

Etter ein stor vekst i søkartala dei siste åra er det likevel ein nedgang i talet på søkarar i år. Blant masterstudia som veks også i år er medieutvikling og bibliotek- og informasjonsvitskap. Også spesialiseringa i geoteknikk på master i bygg er i vekst.

Det er framleis masterstudiet i økonomi og administrasjon som har flest søkarar, med over 900.

Masterstudiet med flest søkarar per studieplass er spesialiseringa i medium og kommunikasjon på master i medieutvikling, der over 18 søkarar per studieplass.

Ti på topp: bachelor og årsstudium – førstevalsøkarar

Ti på topp: bachelor og årsstudium – førstevalsøkarar per studieplass

Ti på topp master – førstevalsøkarar

Ti på topp master: førstevalsøkarar per studieplass

Publisert: 25.04.2024 |