Ragnhild Stautland og Ye Cai er ansvarlege for nettverket. Begge jobbar på Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO), har bakgrunn som lærarar i grunnskolen og erfaring med å undervise elevar som er nye i Noreg.
– Det er først og fremst lærarane, som er i førstelinja, vi vil nå. Målgruppa for nettverket er lærarar som jobbar i innføringstilbod og lærarar i ordinære klasser som tar imot nykomne elevar, for det er ikkje alle kommunar som organiserer med innføringstilbod, seier Ye.
Ragnhild fortel at formålet med nettverket er å styrke relasjonen og samarbeidet mellom lærarar i Noreg som underviser nykomne.
– Det er også eit mål å kunne løfte viktige diskusjonar rundt opplæring av nykomne elevar på eit nasjonalt nivå. NAFO har vore rundt i ulike kommunar i Noreg og snakka med lærarar som sjølv uttrykker eit behov for å styrke samarbeid på tvers og for å bygge kompetanse, fortel ho.