Tildelingane til OsloMet i forslaget til statsbudsjett for 2025 er lågare samanlikna med i fjor. OsloMet får 3,128 milliardar kroner i grunntildeling, noko som inneber ein realnedgang på 1,6 prosent etter lønns- og prisjustering.
– Dessverre blir ramma til universitetet redusert, som forventa. Dette harmonerer ikkje med samfunnets behov for auka kunnskap og kompetanse, seier rektor Christen Krogh.