Universitetsbarnehagar starta som eit prosjekt for å forbetre utdanningskvaliteten for studentane og styrkje kompetanseutvikling i barnehagane gjennom eit likeverdig samarbeid. Sidan starten i 2019, har OsloMet hatt eit tett samarbeid med barnehagar frå Oslo og regionen omkring. No er to nye barnehagar på plass i ordninga – til glede for både barnehagane og OsloMet.
Frå praksisbarnehage til likeverdig partnarskap
– Vestlisletta er no ein av ti universitetsbarnehagar i samarbeid med OsloMet, seier Niels Bjørn Olsen. Olsen leier ein av universitetsbarnehagane i Nittedal og jobbar samstundes i delt stilling hos OsloMet med ordninga.
– Universitetsbarnehagar representerer ei innovativ tilnærming til samarbeid mellom barnehagane og barnehagelærarutdanninga. Målet er å skape ein likeverdig partnarskap som styrkar både utdanning og praksis, fortel han.
I tillegg til Vestlisletta barnehage har også Diakonhjemmet barnehagar blitt med i samarbeidet. Begge barnehagane ligg i Oslo. 11. november 2024 møttest alle styrarane frå universitetsbarnehagane på OsloMet for å lære av kvarandre og bli betre kjent.
– Me har sett veldig fram til å innlemme desse barnehagane i partnarskapen vår, seier leiar for ordninga og studieleiar frå OsloMet, Inger Marie Lindboe.
Samarbeid styrkar både barnehagane, studentar og utdanninga
– Det er viktig at studentane ikkje berre opplever barnehagen som ein stad for praksis, men som ein reell læringsarena der dei kan observere, reflektere og delta aktivt i kvardagen, seier ho.
– For universitetet er det ein stor fordel at me kan komme nærare kvardagen i barnehagane – då kan me utvikle barnehagelærarutdanninga til å bli endå betre og meir relevant for dei kommande barnehagelærarane.
Gjennom samarbeidet viser barnehagane at dei er opne for endring og for å søkje etter smartare og betre måtar å jobbe på.
– Barnehagane har solid endringskompetanse, medan universiteta ofte kan vere litt meir konservative. Denne forskjellen i tilnærming til endring er ein styrke for samarbeidet, men også ei utfordring som krev tillit, uthald og tolmodighet, seier Niels Bjørn Olsen.
På biletet:
Første rekkje frå venstre: Linda Davidsen, styrer i Søråsteigen barnehage, Marius Larsen, styrer i Midtstuen Kanvas-barnehage.
Andre rekkje frå venstre: Lisbet Røsok Maloku, styrer i Diakonhjemmet barnehager, Cecilie Kolstad, styrer i Solbergtunet barnehage, Ellen Karoline Knudsen Lindberg, styrer i Vestlisletta barnehage, Kristin Amine Sund, styrer i Ahus-barnehage, Mette Rustad, styrer i Høvik barnehage, Sissel Høisveen-Belsten, avdelingsleder i Lønnås barnehage og Niels Bjørn Olsen, styrer i Hundremeterskogen ideelle & biologiske barnehage.