Sikkerheitsskamera

Usikkerheita breier seg – og kva er konsekvensane?

Den geopolitiske usikkerheita aukar nærmast dag for dag. Forskarar ved AFI skal undersøke kva ulike forsøk på å gjere sektoren meir sikker gjer med forskingsorganisasjonane og forskarane.

Internasjonalisering har lenge blitt oppfatta som eit viktig og sjølvsagt verkemiddel til å oppnå eksellense, konkurransedyktigheit og status blant forskingsorganisasjonar. 

For å få til dette er  Noreg avhengig av internasjonale forskarar. Over ein tredel av forskarane i Noreg kjem frå andre land, og innan natur- og tekniske vitskapar er det endå høgare tal. 

Det å rekruttere og behalde dyktige, internasjonale forskarar har derfor vore ei prioritert oppgåve i sektoren. Tydelege føringar for anti-diskriminering, mangfald og inkludering har blitt stadig viktigare dei siste åra. 

Kven kan vi stole på?

Krig, uro og politisk uvisse, kombinert med ei grenselaus teknologisk utvikling, har likevel endra stemninga både i samfunnet generelt og innan forsking spesielt. 

I forskingsorganisasjonane spør ein seg stadig oftare om kven kan ein kan stole på i internasjonale forskingssamarbeid og i møte med internasjonale forskarar. – Prosjektleiar Cathrine Egeland ved Arbeidsforskningsinstituttet AFI, OsloMet.

I det nye prosjektet R-INSECURE skal Egeland med kollegaer sjå nærmare på korleis geopolitiske spenningar påverkar både strategiar, policyutvikling og kvardagspraksisar i sektoren. Og spesielt med tanke på kva konsekvensane blir for forskarar frå land med mindre sikkerheitssamarbeid.

Hovudmåla for prosjektet 

Prosjektet involverer eit tverrfagleg team av forskarar frå ulike felt, og dessutan partnarar som fagforeiningar, sikkerheitstankesmier, advokatfirma og andre relevante organisasjonar. 

Dei skal saman utforske institusjonelle endringar, lovverk, arbeidstakarperspektiv, leiing og implementering av retningslinjer i ei tid med geopolitiske spenningar.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 18.03.2025 | Nina Alnes Haslie