Forskingsprosjektetet Words for Wellbeing vil hjelpe ungdom og unge vaksne med språkvanskar. Målet er å betre livskvaliteten deira og auke deltakinga i studium og arbeidsliv.
Er du under 26 år? Då vil vi gjerne ha deg med på ei spørjeundersøking. Dersom du ønsker det, kan du også vere med på å teste sjølve språkkartleggingsverktøyet.
Anten du sjølv har språkvanskar eller ikkje, vil vi gjerne ha deg med på undersøkinga.
Delta i spørjeundersøkinga: Words for wellbeing - livskvalitet og språkvanskar hos ungdom og unge vaksne (nettskjema.no).
Det tar omtrent 20 minutter å svare på spørjeundersøkinga.
Dersom du også vil vere med på å teste kartleggingsverktøyet, tar dette omtrent 2 timer.
Om forskingsprosjektet
Språk- og kommunikasjonsvanskar kan føre til utfordringar med sosial fungering, læring og med å kunne gjere kvardagslege ting som å følge ei oppskrift, lese ei bruksrettleiing eller eit brev frå det offentlege.
Dei som har slike vanskar droppar oftare ut av vidaregåande skole, har større risiko for psykiske helseplager, har oftare kontakt med rettsvesenet og har større risiko for å bli ståande utanfor i arbeidslivet.
Det kan vere mange årsaker til at ungdom og unge vaksne kan ha vanskar med språk og kommunikasjon og derfor får utfordringar med språket som blir snakka rundt dei på skolen eller arbeidsplassen. For å hjelpe desse personane, trengst det gode språkkartleggingsverktøy, men i dag finst det ingen gode språktestar for ungdom og vaksne på norsk.
Derfor vil vi tilpasse eit nytt språkkartleggingsverktøy til norsk, og prøve det ut på ulike grupper unge vaksne både med og utan språkvanskar. I tillegg undersøker vi om språk- og kommunikasjonsvanskar påverkar ungdommar og unge vaksnes psykiske helse gjennom å undersøke livskvaliteten deira.
Les meir om prosjektet Words of Wellbeing - Livskvalitet og språkvanskar hos ungdom og unge vaksne.
Illustrasjonsfoto: Andrii Kotelnikov / OsloMet