Blant initiativtakarane finn vi Kristin Bergaust - professor, kunstnar og nyslått prodekan ved Fakultet for teknologi, kunst og design (TKD) på OsloMet.
Vil opne auga til folk
– Triennalen sin utgangspunkt er ei felles bekymring for Oslofjordens store miljøutfordringar, fortel Bergaust.
– Oslofjord Triennale er eit kunstprosjekt som ønskjer å la Oslofjorden sjølv komma til uttrykk, ikkje berre som ei overflate, ein del av utsikta frå leilegheitene i Bjørvika, baren på toppen av Munch-museet eller frå Ekeberg-restauranten.
– Vi har tenkt at Oslofjorden sjølv er eit subjekt, fullt av liv, men dessverre med store miljøproblem vi menneske har ansvar for. Vi samarbeider derfor med kunstnarar frå visuell kunst, teater og musikk, og dessutan forskarar og aktivistar, for å gi uttrykk for noko av dette frå perspektivet til fjorden. Eg kallar det øko-estetikk.
Initiativtakarane bak triennalen håpar å bidra til ei fruktbar og berekraftig utvikling for Oslofjorden, gjennom bevisstgjering, deltaking og kunnskap.
– Vi seier jo at me vil redde fjorden, smiler Bergaust.
– Det er ikkje løgn, men dessverre litt for optimistisk.
– Vi treng eit grunnleggjande kulturelt skifte der det ikkje er sjølvsagt at menneska sine behov alltid skal trumfa naturen, at vi alltid skal kunna utnytta og objektifisere naturen til våre eigne formål, understrekar ho.
Variert og spennande program
Oslofjord Triennale finn stad i Indre Oslofjord. Hovudbasen er på Lågøya, men det vil også vera arrangement i Asker og på Nesodden.
På programmet står ei rekkje kunstprosjekt og framsyningar i og ved vatnet, eit ope kunstlaboratorium, debattforum, tverrfaglege forskingsworkshops, og dessutan fleire deltakande arrangement retta mot barn og unge.
– Vi har arrangement for alle som er nysgjerrige på å læra fjorden betre å kjenna og som er opne for at kunst kan bidra til ein sånn kontakt, fortel Bergaust som har travle dagar i forkant av triennalen.
– Eg gler meg veldig til å vera på Lågøya og oppleva naturen og det enkle, tilrettelagde hyttelivet som blir drifta av DNT og Oslofjordens friluftsråd. Sjølv om det blir hektisk, skal eg få nokre augneblinkar saman med Oslofjorden.
– Det kunne eg fått til uansett, men det skikkeleg spennande no er om vi kan få kunsten og dei transdisiplinære prosjekta våre til å gi fjorden nærvær og stemme, som er det eg håpar at me skal oppleva.
Vil du framheva nokon arrangement?
– Det er nesten umogleg, det er så mykje interessant og nytt som skjer gjennom heile helga, seier ho.
– Det performative måltidet av DEED på laurdag blir ei spesiell oppleving. Og stranda mot aust er full av nye perspektiv på landskapet rundt oss.
– Det som er tettast på funksjonen min som prodekan for forsking ved Fakultet for teknologi, kunst og design, er samtalen eg leier søndag. Eg er veldig stolt av å få besøk av det tverrfaglege Marint boligbyggelag, med Elin T. Sørensen (ph.d., kunstnar og landskapsarkitekt), Eli Rinde (ph.d., marinbiolog og seniorforskar ved Norsk institutt for vannforskning, NIVA) og Kåre Grundåg (ph.d.-kandidat og kunstnar, Norges arktiske universitet, UiT). Dei lanserer prosjektet sitt på Fjordskolen, Kongshavn onsdag 29. august, men vi får ein god forsmak og spennande samtale.
– Så er eg veldig stolt av å kunna presentera Oslofjord Ecologies Archives, som etter kvart har vorte ei samling av menneske, kunstnarar, verk, tekst, dokumentasjon og kunst, fortel ho.
Mange bidragsytarar
Det er mange bidragsytarar på den nye triennalen og stort engasjement.
– Veldig mange kunstnarar har ønskt å delta, fortel Bergaust.
– Denne gongen er det berre inviterte kunstnarar som har fått vera med og dei som bidreg får dessverre ikkje den kompensasjonen vi hadde ønskt å gi dei. Vi har søkt pengar nærast over alt og enda opp med ein brøkdel av det som eigentleg trengst. Men me er svært takksame for støtta Oslofjord Triennale 2024 har fått frå Kulturdirektoratet, Akershus fylkeskommune, Asker kommune og Drammen kommune.
Blant dei ulike bidragsytarane finn me også ein gjeng studentar frå Institutt for estetiske fag ved OsloMet.
Ingeborg Helle-Valle tek ein master i estetiske fag, studieretning kunst- og designdidaktikk. Ho har jobba med triennalen i emnet "prosjekt i praksis" saman med tre medstudentar.
– I tillegg skal eg og to andre jobba som omvisarar under triennalen, fortel ho.
– Me skal jobba med skuleklassar og andre besøkjande. Eg har med meg to studentar som akkurat er ferdige med bachelor i kunst og design, studieretning kunst og formidling.
– Det er veldig spennande å jobba praksisnært under studiet, også utanfor dei store institusjonane. Det er fint og viktig å erfara korleis ein kan jobba med kunst opp mot berekraft og samfunnspåverknad, synest Ingeborg.
Les meir om programmet og Oslofjord Triennale her (oslofjord-triennale.no).