Utdanningsutvalet ved Fakultet for samfunnsvitskap

Utdanningsutvalet ved Fakultet for samfunnsvitskap er oppnemnt av dekanen og er eit rådgjevande organ for leiinga. Utvalet har delegert myndigheit frå universitetsstyret, slik at det kan godkjenne programplanar og emneplanar for studium på bachelor-, vidareutdannings- og masternivå, og vesentlege endringar i slike planar.

Møtedatoar og sakspapir

Sakspapir og møtedatoar for utdanningsutvalet finn du i nettportalen OpenGov (opengov.360online.com).

Frist for å senda inn saker i Public 360 blir kommunisert internt.

Utvalgsleiar

Nathalie Hyde-Clarke. Vara: Anders Graver Knudsen.

Studentrepresentant

Studentrepresentanter: Yosef Ihdego og Sander Vestby. Vara: Andreas Gjeitnes Gundersen.

Representantar for UF-tilsette

Representant for TA-tilsette

Silje Carstens Varden. Vara: Ann Karin Flønes.

Ekstern representant

Eystein Gullbekk (UiO).

Sekretær

Karoline Flaata.

Mandatet til utdanningsutvalet

Utdanningsutvalet (forkorta UU og heretter referert til som  utvalet ) skal bidra til å utvikle utdanningane på fakultetet. Utvalet skal også bidra til at fakultetet har ein heilskapleg utdanningsstrategi og ein samfunns­rele­vant studieportefølje med program som har høg kvalitet og reflekterer den faglege profilen og eigenarten til SAM.

Utvalet skal fatte vedtak i saker som er delegert frå universitetsstyret og dekanen, samt gje råd til fakultets­leiinga om strategi og opp­følging av utdannings­verksemda. Utvalet skal vere ein arena for å drøfte sentrale nasjonale og internasjonale utdanningspolitiske spørsmål som er viktige for utviklinga og kvaliteten i  SAMs utdanningar.

Utvalet skal kartleggje og bidra til å utvikle utdanningar i første og andre syklus av høg internasjonal kvalitet, i tråd med krava til akkreditering som universitet i  Studiekvalitetsforskrifta og Studietilsynsforskrifta.

Utvalet skal sjølv initiere utgreiingar på dei områda utvalet finn nødvendig.

Oppgåvene til utdanningsutvalet

Utvalet har fått delegert  vedtaksstyremakt frå universitetsstyret og dekanen til å:

  • forvalte regelverk, retningsliner og rutinar for studieprogramma i første og andre syklus ved fakultetet
  • godkjenne program- og emneplanar for studium i første og andre syklus, og vesentlige endringar i slike planar, etter innstilling frå dei instituttleiarane saka gjeld
  • godkjenne etablering og nedlegging av studium og emne i første og andre syklus med eit omfang på til og med 60 studiepoeng, samt behandla nedleggjing av studieprogram i første og andre syklus etter innstilling frå dei instituttleiarane saka gjeld
  • fastsetje eigne retningsliner og malar for innhald og utforming av emne- og programplanar (for vurderingsformer, arbeidskrav, arbeidsomfang, pensum o.l.)
  • fastsetje retningsliner for studium ved fakultetet (t.d. permisjon, retten til å framstille seg til ny/utsett eksamen o.l.)
  • fastsetje ein plan for, og behandle eksterne evalueringar ved fakultetet
  • behandle institutta sine rapportar om utdanningskvalitet. Godkjenne fakultetets årlege rapport om utdanningskvalitet og gje innspel til tiltak
  • følgje opp internt tilsyn initiert av OsloMets utdanningsutval på institusjonsnivå

Utvalet skal gje råd til dekanen om

  • handlingsplanar og tiltak for å sikre og utvikle høg kvalitet på utdanningane i tråd med fakultetets strategi
  • gje innspel til ulike strategiske planar for studia ved fakultetet (internasjonalisering, arbeidslivsrelevans, studieporteføljestyring o.l.)
  • strategiar og framgangsmåtar for å styrke forholdet mellom utdanning og FoU
  • samvirke og koordinering av utdanningane
  • høyringssvar innanfor utvalets ansvarsområde
  • utgreiingssøknader for utvikling av nye studieprogram over 60 studiepoeng
  • etablering og avvikling av studium på bachelor-, vidareutdannings- og masternivå

Samansetjing og val/oppnemning av representantar

Utdanningsutvalet skal ha følgjande samansetjing:

  • Utvalsleiar, prodekan for utdanning, med personleg vara
  • 1 representant frå kvart av fakultetets institutt, med personleg vara
  • 1 studieadministrativ representant frå fakultetet, med personleg vara
  • 2 studentrepresentantar. I tillegg ein vara
  • 1 ekstern representant

Oppnemning / val av representantar

  • dekanen oppnemner utvalsleiar
  • dekanen oppnemner ekstern representant – utvalsleiaren foreslår
  • dekanen oppnemner UF-tilsette – instituttleiarane foreslår
  • dekanen oppnemner administrativ representant – fakultetsdirektøren foreslår
  • studentparlamentet / Studentrådet ved fakultetet oppnemner studentrepresentantar

Funksjonstid og gjennomføring av møte

Utvalets funksjonstid og periode for oppnemning av utvalsmedlemmene samkøyrast med OsloMets institusjonelle utdanningsutval, dvs. funksjonstid og samansetjing for det fungerande utdanningsutvalet ved SAM gjeld for perioden haustsemesteret 2024 til og med vårsemesteret 2026, men kan justerast som følgje av vedtak i universitetsstyret som gjeld organisering av fakultetet. Om medlemmar fell frå i perioden, skal dekanen erstatte desse i samsvar med samansetjinga av utvalet.

Utdanningsutvalet har vanlegvis tre møte per semester. Utvalet arrangerer eitt til to seminar per år. Minst ein representant frå utdanningsutvalet er til stades ved behandlinga av program- og emneplaner i doktorgradsutvalet.

Felles møte med FoU-utvalet blir arrangert etter behov, men minimum eitt felles møte i året.

Ved avstemmingar gjeld følgjande: I saker der dekanen har gitt utvalet vedtaksmyndigheit har den enkelte medlemen ei – 1 – stemme. Ved stemmelikskap har utvalsleiar dobbeltstemme.