Gul og svart fasade med OsloMet-logo

Utlysing av såkornmidlar

OsloMet-satsinga Inkludering av barn og unge utlyser såkornmidlar.

Hausten 2022 lanserte regjeringa eit nasjonalt målretta samfunnsoppdrag for å bidra til tettare samarbeid mellom forsking, høgre utdanning og tenester som møter barn og unge. 

Inspirert av samfunnsoppdraget har OsloMet etablert ei eiga barn og unge-satsing, der 8 millionar er sett av i såkornmidlar til forskingsaktivitetar for å fremme inkludering av barn og unge.

Såkornmidla skal gå til aktivitetar som gir kunnskap om kva som bidreg til god livskvalitet blant barn og unge (på kort og lang sikt), herunder også kunnskap om innsatsar, medverknad og samarbeid i systema og tenestene rundt barn og unge. * 

Prosjekta som får såkornmidlar, må derfor ta utgangspunkt i identifiserte kunnskapsbehov hos ein eller fleire av OsloMet sine samarbeidskommunar og/eller andre etablerte praksissamarbeid. **

Det kan søkast om støtte til:

Det kan søkast om 200 000 til 1 million kroner pr. prosjekt. For prosjekt som søker om meir enn 200 000 er det forventa at dei resulterer i konkrete leveransar i form av ein innsend prosjektsøknad og/eller forskingspublikasjon(ar). Midla må brukast i løpet av 2025 og kan dekke både driftsutgifter, frikjøp og løn til tilsette ved OsloMet. Midla kan ikkje finansiere løn/frikjøp av tilsette hos samarbeidspartnarar.

Om søknaden:

Søknaden skal vere på inntil fem sider (utan vedlegg), og kan skrivast på både norsk og engelsk. 

Følgande element skal inngå:

  1. Beskriving av formålet med prosjektet 
  2. Grunngjeving for prosjektet basert på eksisterande forsking og kunnskapsbehov
  3. Planlagte aktivitetar og resultat 
  4. Beskriving av prosjektgruppa og eventuelle samarbeidspartnarar (det er ikkje nødvendig å sende med CV på prosjektdeltakarar)
  5. Budsjett og tidsplan

Prosjektleiar må vere fast tilsett i undervisnings- og/eller forskingsstilling ved OsloMet og ha førstekompetanse. Det er mogleg å vere med på fleire søknader, men det vil kun bli gitt midlar til eitt prosjekt dersom same person er prosjektleiar for fleire søknader.

Alle aktivitetar som involverer innsats frå samarbeidskommunar og/eller datainnsamling via tenester/aktørar i samarbeidskommunane må avklarast med desse aktørane før innsending av søknad og gjerast greie for i søknaden.

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 22. oktober 2024. 

Søk her (nettskjema.no)

Fyll ut nettskjema og last opp søknad (Word/PDF) inni skjemaet. Søknaden må vere klarert med instituttleiar i forkant av innsending.

Om tildeling og oppstart

Tildeling vil skje innan 22. november 2024. Søknadene blir vurdert etter følgande kriterium:

Under ellers like forhold vil prosjekt som inkluderer samarbeid på tvers av OsloMet sine fakultet og senter bli prioritert.

Forventa oppstart av prosjektet er direkte etter tildeling, og seinast januar 2025. Dei som får tildelt midlar må levere ein kortfattet rapport om prosjektet innan 1. februar 2026.

Kontakt

Eventuelle spørsmål kan rettast til prosjektleiar for satsinga, Mira Aaboen Sletten

*Jf. Delmål for samfunnsoppdraget foreslått av operativ gruppe (forskningsradet.no).  

**Identifiserte kunnskapsbehov kan til dømes stamme frå utgreiingar, strategi- og planarbeid i kommunane eller frå dialog med desse. Søknaden bør referere til slike kjelder eller legge ved støttebrev eller liknande. Sjå informasjon om OsloMet sine samarbeid her.