Organisasjonen er sett saman av fleire fagområde for sikkerheit og arbeider kontinuerleg for at verdiar vert ivaretekne slik nasjonal lovgjeving krev. Enkelte tilsette i organisasjonen jobbar i stab i divisjon for organisasjon og infrastruktur og har dette som ei heiltidsstilling, medan andre har eit fagleg ansvar for sikkerheit som ein del av sine ordinære oppgåver i andre avdelingar.
Les meir om sikkerheitsstyring og beredskap på tilsettsidene (ansatt.oslomet.no).
Informasjonssikkerheit
Arbeidet skal bidra til at OsloMet når sine verksemdsmål gjennom trygg utvikling og bruk av teknologi. Leiar for informasjonssikkerheit (CISO) har det overordna faglege ansvaret ved OsloMet. CISO skal mellom anna å levere forståing til leiinga slik at dei kan redusere risiko for at alvorlege hendingar. Føremålet er å gjere OsloMet er i stand til å oppdage og handtere hendingar som kan oppstå og etterleve lovpålagde og formelle sikkerheitskrav.
Les meir om informasjonssikkerheit på tilsettsidene (ansatt.oslomet.no).
Personvern
Arbeidet skal verna rettane til studentar, tilsette, forskingsdeltakarar og samarbeidspartnarar. Som universitet må vi følgje Personopplysningslova og GDPR for å sikre lovleg og trygg handsaming av data. Fagansvarleg for personvern skal utvikle og følgje opp retningsliner, rutinar og krava til personvern i leiingssystem for informasjonssikkerheit og personvern. Fagansvarleg koordinerer arbeidet med etterleving av personvernregelverket, leiar nettverk for personvernkontaktar og følgjer opp avvikshandsaming og oppmelding til Datatilsynet.
Les meir om personvern på tilsettsidene (ansatt.oslomet.no).
Beredskap og kontinuitet
Fagansvarleg for beredskap og kontinuitet har ansvar for å utvikle, oppdatere, koordinere og vedlikehalde beredskapsplanane ved OsloMet. Dette inkluderer å sikre at vi er førebudde på ulike typar kriser som kan råka universitetet.
Personellsikkerheit
Fagområdet personellsikkerheit handlar om å ivareta og følgje opp tilsette, gjesteforskarar og tilknytte til å vere medvitne om si rolle og ansvar for å bidra til god tryggleikskultur.
I arbeidet med personellsikkerheit vert retningsliner og rutinar for sikkerheit i rekruttering og mottak, bevisstgjering og innsiderisiko utvikla og følgde opp. Det faglege ansvaret inneber òg rådgjeving og leiarstøtte, samt koordinering av systematisk opplæring i personellsikkerheit.
Les meir om personellsikkerheit på tilsettsidene (ansatt.oslomet.no).
Teknologioverføring (eksportkontroll)
Eksportkontroll skal sikra at overføringa/eksporten skjer i tråd med både nasjonal og internasjonal sikkerheitspolitikk.
Eksportkontrollregelverket er svært relevant for UH-sektoren, då forsking og teknologiutvikling ofte involverer avansert kunnskap og utstyr som kan ha ulike bruksområde, nemleg fleirbruksvarer. Vurderingane er ofte komplekse.
Gjennom arbeidet med eksportkontrollreguleringane bidreg OsloMet til å sikre at vår teknologi og kunnskap ikkje misbrukast, samtidig som at Noregs sikkerheitspolitiske interesser ivaretakast.
Les meir om eksportkontroll på tilsettsidene (ansatt.oslomet.no).
Fysisk sikkerheit og brannvern
Fysisk sikkerheit omfattar tiltak og prosedyrar for å verne studentar, tilsette og besøkande mot potensielle farar ved universitetet. Dette inkluderer mellom anna:
- Adgangskontroll: Avgrensa tilgang til bygningar og områder for å hindre uautorisert adgang.
- Overvaking: Bruk av kamera og tryggingspersonell for å overvake campus og oppdage mistenkeleg aktivitet.
- Brannsikkerheit: Installasjon av brannalarmar, sprinklersystem og naudutgangar for å sikre rask evakuering ved brann.
Helse, miljø og sikkerheit - HMS
HMS-rådgjevar har ei viktig rolle i å sikre trygge og sunne arbeidsforhold. Nokre av dei typiske oppgåvene er:
- Risikovurdering: Identifisere og vurdere moglege farar på arbeidsplassen.
- Implementering av HMS-policyar: Utvikle og innføre retningsliner og prosedyrar for å sikre etterleving av HMS-lovgiving.
- Opplæring: Gje opplæring til tilsette om sikkerheitsprosedyrar og beste praksis.
- Overvaking og rapportering: Følgje opp og rapportere om HMS-tiltak og -resultat.
- Kvalitetskontroll: Sikre at alle HMS-tiltak er effektive og oppdaterte.
Les meir om HMS styringssystem på tilsettsidene (ansatt.oslomet.no).