English version
Syklist som suser forbi hovedporten med gammel bryggerikjele, Pilestredet

Studiested Pilestredet

Universitetets største studiested ligg i Pilestredet sentralt i Oslo.

Ei rekkje av bygningane ligg i det tradisjonsrike Frydenlund-området ved Bislett. Der ein tidlegare kunne kjenne dufta av malt og humle frå eit av dei største ølbryggeria i landet, finn du no undervisningsrom, universitetsbibliotek, lesesalar og kantiner.

I nærleiken finn du fleire av bygningane til universitetet i Pilestredet Park, det tidlegare Rikshospitalet, og universitetet sitt største bygg: Ellen Gleditschs hus i Pilestredet 35.

OsloMet sine bygg i Pilestredet har trimrom, klatrevegg og gymsalar som studentar og lærarar kan nytte seg av, også på fritida. Vi har også velferdslokale for studentar med blant anna ei kro.

I Pilestredet har vi studenttorg og infosenter på fakulteta for studentane våre. Hovudresepsjonen vår ligg i Clara Holsts hus i Pilestredet 46.