Tidsskrift for boligforskning (idunn.no) vart etablert i 2018. Tidsskriftet skal vise fram breidda av bustadforsking i Noreg og Norden, og hovudmålet er å gi ut og formidle den fremste forskinga på fagfeltet.
Tidsskriftet rettar seg mot ei rekkje ulike forskingsmiljø i Noreg og Norden, og forfattarar blir inviterte breitt frå alle forskingsmiljø som jobbar med relevante problemstillingar.
Tidsskriftet blir gitt ut av Universitetsforlaget på vegner av Senter for velferds- og arbeidslivsforsking (SVA) ved OsloMet – storbyuniversitetet. SVA-senteret består av Arbeidsforskningsinstituttet (AFI), Velferdsforskningsinstituttet NOVA, By- og regionforskingsinstituttet NIBR og Forbruksforskingsinstituttet SIFO, og er med på å gi tidsskriftet ei brei fagleg forankring.
Målgruppa til tidsskriftet er hovudsakleg forskarar, forvaltning, politiske styresmakter og næringsliv, men det vil også ha ei framstilling som gjer det tilgjengeleg for eit breiare publikum.
Innhaldet består først og fremst av vitskaplege, fagfellevurderte artiklar, men også kommentarar, debattartiklar, intervju, bokmeldingar og formidlingsartiklar.
Tidsskriftet gir ut artiklar hovudsakleg på norsk, men tek også imot artiklar på engelsk, svensk og dansk.
Tidsskriftet kjem ut to gonger i året, og blir publisert med open tilgang (open access) i tråd med Creative Commons-lisensen CC BY-NC 4.0.