Utvalet skal
- bidra til at fakultetet har ein heilskapleg strategi for ph.d.-programmet, og at porteføljen av ph.d.-emne har høg kvalitet og reflekterer den faglege profilen og eigenarten til fakultetet
- bidra til å utvikle ph.d.-programmet i tråd med krav til universitet i Studiekvalitetsforskrifta og Studietilsynsforskrifta
- gjere vedtak i saker som er delegerte frå dekanen og gje tilråding til dekanen/fakultetsleiinga i spørsmål knytt til fakultetet sine ph.d.-utdanningar
- vere ein arena for å drøfte fakultetet sine ph.d.-program for å utvikle dei ut frå erfaringar og resultat, og anerkjende nasjonale og internasjonale standardar.
Utvalet kan sjølv initiere utgreiingar på område det finn nødvendig.
Oppgåvene til doktorgradsutvalet
Saker som gjeld den enkelte ph.d.-kandidat:
- Treffe avgjerder i saker som gjeld den enkelte ph.d.-kandidat.
- Handsame søknader om opptak til ph.d.-programma.
- Godkjenne større endringar i rettleiingsforhold (hovudrettleiar eller heile rettleiingsteamet).
- Oppnemne bedømmingskomité for framstilling til doktorgradsprøva.
- Gjere vedtak basert på bedømmingskomiteens innstilling om kor vidt ei doktorgradsavhandling er godkjent til å forsvarast når innstillinga er anten negativ, komplisert og/eller delt.
- Handsame klagesaker.
- Handsame årlege framdriftsrapportar på eit overordna nivå.
Saker som gjeld ph.d.-programma (PENG, PINS):
- Forvalte regelverk, retningslinjer og rutinar for ph.d.-programma ved fakultetet.
- Treffe avgjerder og tilrådingar som gjeld ph.d.-programma ved fakultetet.
- Godkjenne nye og reviderte program- og emneplanar for fakultetets studieprogram på ph.d.-nivå. (DGU blir supplert med to medlemmer frå utdanningsutvalet ved fakultetet.)
- Sjå på heilskapen i program- og emneplanar for ph.d.-programma etter ein fastsett syklus i samsvar med kvalitetssystemet for utdanningar ved OsloMet.
- Følgje opp den løpande kvalitetsvurderinga av ph.d.-programma.
- Diskutere og følgje opp årlege programrapportar.
- Godkjenne endringar i dei utfyllande retningslinjene for fakultetets ph.d.-program.
Utvalet kan gi innspel og råd til fakultetsleiinga som gjeld:
- Rapportar om ekstern evaluering av ph.d.-program og gjere greie for oppfølging av ekstern komités tilrådingar.
- Tiltak og planar for å sikre og vidareutvikle kvalitet i forskarutdanninga i tråd med fakultetets strategi.
- Koordinering av ph.d.-programma ved fakultetet.
- Høyringsfråsegner innanfor utvalets ansvarsområde.
- Rekrutteringsgrunnlag og rekrutteringsstrategiar.
- Årsplanar og budsjettiltak som gjeld ph.d.-programmet.
- Etablering eller avvikling av ph.d.-program i samarbeid med utdanningsutvalet ved TKD.
Møte og sakspapir
Sakspapirer og møteinformasjon (opengov.360online.com).
Frist for å sende inn saker er alltid 21 dagar før sjølve møtedatoen.
Medlemmer
Doktorgradsutvalet er leia av prodekan for FoUI, og har medlemmer frå tilsette i undervisnings- og forskingsstillingar, ph.d.-kandidatar, tilsette i administrative stillingar og eksterne faglege medlemmer. Programleiarane er faste observatørar i utvalets møter.
Sekretariat
FoU-administrasjonen ved fakultetet er sekretariatet for utvalet, og skal i samarbeid med prodekan for FoUI førebu og gje tilråding i sakene som vert lagde fram for utvalet.