English version

FoUI-utvalet ved TKD

FoUI-utvalet på Fakultet for teknologi, kunst og design (TKD) gjev råd til fakultetsleiinga, og har avgjerdsmakt i enkeltsaker.

Universitetsstyret har vedteke at OsloMet skal ha eit forskings-, utviklings- og innovasjonsutval (FoUI) på fakultetsnivå, og har avgjort korleis det skal setjast saman.

Mandat

FoUI-utvalet ved TKD skal medverke til å utvikle forskings-, utviklings- og innovasjonsarbeid (FoUI).

Utvalet skal fungere som rådgjevande organ for fakultetsleiinga og medverke til etablering og oppfølging av fakultetet sin forsknings-, utviklings- og innovasjonsstrategi.

FoUI-utvalet skal blant annet gjennom kontakt med utdanningsutvalet og doktorgradsutvalet på fakultetet sikre god kopling mellom FoUI og utdanning i alle tre syklusar: bachelor, master og ph.d.

FoUI-utvalet skal:

  • ta avgjerder i saker som er delegert frå dekan til utvalet
  • gje råd til fakultetsleiinga i strategiske spørsmål knytt til FoUI-utvikling
  • vere ein arena for å diskutere strategiske, faglege og etiske sider ved FoUI, og vurdere erfaringar og resultat
  • sjølv initiere utgreiingar på dei områda utvalet finn naudsynt.

Møte og sakspapir

Medlemmer

Dekan utnemner medlemmene i FoUI-utvalet på Fakultet for teknologi, kunst og design. Medlemmer var utnemnt frå januar 2024.

Prodekan for FoUI er leiar for utvalet.

Liste over medlemmer (opengov.360online.com).

Sekretær for utvalet

Laster inn ...

Aktuelle lenker

Det sentrale forsknings- og utviklingsutvalget ved OsloMet (ansatt.oslomet.no)