Måla og forpliktingane i dette dokumentet konkretiserer og utfyller dei overordna strategiane, samtidig som den strategiske handlingsplanen til fakultetet inneheld særeigne TKD-satsingar.
Eit overordna strategisk mål for Fakultet for teknologi, kunst og design (TKD) er å utnytte meirverdien av det breie spekteret av fagområde på fakultetet. Vi skal vere meir enn summen av alle fagområda, og den unike samansetninga vår skal vere styrken vår.
Det er mykje som er viktig for TKD som ikkje er nemnt i den strategiske handlingsplanen. Planen løftar fram det som er aller viktigast for fakultetet i perioden, og han skal vere førande ved vanskelege prioriteringar. I tillegg vil det kome moglegheiter og utfordringar som vi ikkje ser ved inngangen til strategiperioden.
Den strategiske handlingsplanen inneheld til saman sju hovudmål, delt inn i tre område. To mål er formulerte innanfor utdanning, tre mål gjeld for forsking og utvikling, og to mål skal medverke til å utvikle området samfunnsforbetringar og samarbeid.
Innovasjon er ein naturleg del av den faglege verksemda til fakultetet. I denne planen blir innovasjon knytt til samfunnsforbetringar for å konkretisere bruk og nytteverdi.
Talet på forpliktingar til kvart mål varierer, fordi måla rommar ulikt og fordi forpliktingane i ulik grad er konkretiserte. Enkelte forpliktingar vil krevje mange tiltak, andre forpliktingar er allereie nær ved å vere tiltak.
For å nå måla og forpliktingane i den strategiske handlingsplanen, har fakultetet ein tiltaksplan som jamleg blir rullert gjennom perioden.
Utdanning
Studentane skal trivast og lukkast medan dei er på TKD og med det dei skal gjere i framtida. OsloMet sin delstrategi for utdanning legg vekt på campusbaserte profesjonsutdanningar, sosialt studentliv, og at studentane opplever å vere knytte til eige fagmiljø og læringsaktivitetar som engasjerer studentane.
Utdanningsmål 1 i denne strategiske handlingsplanen er ei direkte vidareføring av forpliktingane i delstrategi for utdanning.
Utdanningsmål 2 er ei særskild TKD-satsing grunngjeve med mange nyoppretta studieprogram og fagområde som er i rask endring.
Utdanningsmål 1: Studentane skal lukkast fagleg og sosialt på TKD
Studentane som vel ei utdanning på TKD skal kunne vere i stand til å fullføre, uavhengig av bakgrunn og tidlegare erfaringar. Undervisningsaktivitetane skal byggje på nyare kunnskap om læring, med høve til kreativ og forsvarleg eksperimentering, både for undervisarar og studentar.
Fakultetet skal arbeide for å vidareutvikle det fysiske læringsmiljøet, med mål om trivsel, tryggleik og meir samarbeid mellom studentane og mellom studentar og tilsette.
TKD skal
- vere kjent for eit godt læringsmiljø med tett kontakt mellom tilsette og studentar
- tilby studentane læringsaktivitetar av høg kvalitet som motiverer til innsats og gjer det mogleg å stille høge faglege krav
- styrkje programleiarrolla og støtte studieprograminitierte tiltak
- leggje vekt på det kollektive ansvaret til fagmiljøa for fagleg og pedagogisk samanheng i studieprogramma
- samarbeide med studentforeiningane på fakultetet, arbeide for fleire linjeforeiningar og oppmode til og støtte sosialt studentliv
- engasjere studentmentorar og studentassistentar for å støtte læringa til studentane og overgangen deira til høgare utdanning
- gje studentane høve til å samhandle med arbeidslivet
Utdanningsmål 2: TKD skal ha attraktive og samfunnsrelevante studieprogram
Det er eit viktig samfunnsoppdrag å utdanne studentar arbeidslivet har behov for. Dette krev eit kontinuerleg arbeid med kvalitet og med å vere synleg for å sikre god nasjonal og internasjonal rekruttering til studieprogramma våre. Noverande og tidlegare studentar kan vere ein viktig ressurs i dette arbeidet.
Søknadsmønster, studenttal og den faglege utviklinga innan våre område vil også påverke utviklinga av studieporteføljen.
Delstrategi for utdanning forpliktar oss til å satse særskilt på vidareutdanningar innanfor profesjonsutdanningane vi utdannar til. OsloMet sin strategi forpliktar alle studieprogram til å utdanne studentar som kan oppdatere sin eigen kompetanse, utøve kritisk tenking og medverke til å løyse berekraftsutfordringar innan sitt fagfelt.
TKD skal
- drive målretta rekrutteringsarbeid tilpassa søkjargruppene og vidareutvikle rekrutteringsordningane som gjev fleire høve til å bli tekne opp på programma våre
- gjennomføre tiltak i og om nødvendig leggje ned studieprogram og studieretningar som over tid har få søkjarar
- ha vidareutdanningar for og i samarbeid med arbeidslivet, med særleg fokus på ingeniørfag og praktisk-estetiske fag
- samarbeide med studentane, arbeidsliv og interne fagmiljø for å vidareutvikle studieprogramma våre
Forsking og utvikling
Fakultetet sin strategiske handlingsplan for forsking og utvikling er forankra i OsloMet sin delstrategi for forsking av høg kvalitet. Forskinga skal drivast fram av fagleg nysgjerrigheit og ønske om å gje viktig kunnskap til samfunnet.
Forskinga skal utvikle empirisk, teoretisk og metodisk innsikt som reflekterer den interdisiplinære samansetninga og strukturen til fakultetet.
Fakultetet skal ha tverrfagleg forsking og forsking innan dei enkelte fagfelta, inkludert kunstnarisk forsking.
Fakultetet har ein profil som gjer at vi kan utvikle det tverrfaglege og transdisiplinære i fagområda våre, på tvers av OsloMet sine fakultet og sentra, og i kontakt med samfunns-, nærings- og kulturliv.
Forskings- og utviklingsmål 1: TKD skal ha aktive og synlege forskarar og forskingsgrupper med høg fagleg kvalitet
Strategien til OsloMet og delstrategien for forsking og utvikling understrekar at det er viktig å sikre akademisk fridom for å utveksle, utvikle og utfordre kunnskap for å få nye innsikter.
Forskinga ved OsloMet skal ha høg kvalitet, vere relevant for å løyse utfordringane i samfunnet, og medverke til å forbetre utdanningsprogramma og yrka vi utdannar til.
TKD skal
- leggje til rette for faglege møteplassar og dialogar mellom forskarar, og mellom forskingsgruppene, for å ta vare på både den tverrfaglege og den spesialiserte kunnskapen
- ha forskarar og forskingsgrupper som er attraktive samarbeidspartnarar både nasjonalt og internasjonalt
- kontinuerleg vidareutvikle forskingsgruppene til fakultetet og forskingsmiljøa i tråd med akademiske og samfunnsmessige behov
- gje forskingsgruppeleiarane høve til å utvikle den faglege kompetansen sin i forskingsleiing
- gje studentane høve til å delta i og lære om forsking ved fakultetet i utdanningsprogramma på alle nivå
Forskings- og utviklingsmål 2: TKD skal ha ph.d.-utdanningar med høg kvalitet og tilfredse studentar
Fakultetet sine ph.d.-program dekkjer eit stort spenn av fagområde og fagtradisjonar. Dei skal vere ettertrakta og innovative, og tiltrekkje seg søkjarar frå andre fagmiljø ved OsloMet, privat og offentleg sektor, kultur- og næringsliv, og forskingsinstitutt og akademia elles.
TKD skal
- tilby stipendiatane eit trygt og inkluderande fagleg og psykososialt arbeids- og studiemiljø
- syte for at vi har tverrfagleg og transdisiplinær forsking
- inkludere stipendiatar og postdoktorar i fagmiljø og forskingsgrupper
- styrkje rettleiarkompetansen for å sikre gode rettleiingsrelasjonar gjennom heile ph.d.-løpet
- ha arbeidsplassar som fremjar fagleg samarbeid og trivsel for stipendiatane
Forskings- og utviklingsmål 3: TKD skal ha kultur for kunnskapsdeling, openheit og kontinuerleg utvikling
Fakultetet vil sikre at fagpersonar har arenaer for å møtast, bli kjende og kunne utforske mogleg samarbeid. Slik kan fleirfagleg, interdisiplinær og transdisiplinær forsking og innovasjon bli utvikla i møtet mellom fagmiljø.
Det transdisiplinære inneber å inkludere kunnskap frå ulike aktørar og praksisfelt, også utanfor akademia, for å kome fram til innsikter som ikkje er bunde til ein enkelt fagtradisjon eller disiplin.
TKD skal
- fremje arenaer som stimulerer til ein open delingskultur på tvers av fagmiljøa til fakultetet
- ha ein prosjektportefølje som utnyttar den faglege breidda til fakultetet
- fremje forskingsetikk, integriteten på forskinga og kritisk tenking
- ivareta ein kultur som utfordrar fagmiljøa til å utvikle kunnskap som svarer på dei store utfordringane i samtida
- fremje forskingsformidling i og utanfor akademia
Samfunnsforbetringar og samarbeid
Komplekse globale utfordringar krev auka kompetanse i innovasjon og tett samarbeid med samfunnet. Fakultetet skal medverke til å løyse samfunnsutfordringar gjennom samarbeid med kultur- og næringsliv, offentleg og privat sektor.
Samarbeid og partnarskap skal ha høg kvalitet, vere relevant og nyskapande og dessutan ha direkte innverknad på samfunnet.
Fakultetet skal skape relasjonar mellom utdanning, akademisk forsking og praktiske samfunnsforbetringar.
Det er lagt vekt på formidling, innovasjon og berekraft i OsloMet sin delstrategi for samfunnsforbetringar og samarbeid.
Fakultetet har særleg gode føresetnader for å oppfylle desse måla gjennom den faglege samansetninga vår.
Samfunnsforbetrings- og samarbeidsmål 1: TKD sine tilsette skal vere aktive formidlarar
Fakultetets tilsette skal byggje relasjonar med samfunnet og relevante fagfelt gjennom aktiv dialog.
Forskinga bør også formidlast til målgrupper utanfor eige fagfelt. Kunstfaglege arbeid skal visast fram i det profesjonelle feltet og elles der det er aktuelt.
TKD skal
- gjennom dialog og samhandling bidra med kunnskap om teknologi, kunst og design til det beste for samfunnet
- leggje til rette for at fagpersonar får formidle forskinga si til ulike målgrupper på eigna møteplassar
- ha fagpersonar som posisjonerer seg og tek del i den dagsaktuelle samfunnsdebatten
Samfunnsforbetrings- og samarbeidsmål 2: TKD skal bidra til berekraftig innovasjon til beste for samfunnet
Fakultetet si forsking og utdanning blir også utvikla gjennom arbeid med problemstillingar og utfordringar med opphav utanfor akademia.
Nærvær og dialog er ein føresetnad for å lukkast som ein relevant aktør i samfunnet.
TKD skal
- vere ei tydeleg stemme i spørsmål som gjeld etikk og berekraft
- fremje kunnskap og kompetanse om berekraftig innovasjon, med kultur for eksperimentell praksis og kritisk refleksjon
- delta i utviklinga av framtidssamfunnet, gjennom samarbeid og samhandling om utfordringane i storbyregionen
- leggje til rette for samhandling mellom arbeidsliv, studentar og fagmiljø for å utvikle innovasjonskompetanse som er relevant for næringsliv, kultur og samfunn