Studiestad Kjeller
Kunnskapsveien 55, Karete Johnsens hus
Karethe Johnsen (1873-1933), sjukepleiar og jordmor
Ho påverka i stor grad den praktiske delen av jordmorutdanninga. Dessutan forma ho jordmora sin sentrale rolle i ein moderne fødeklinikk. Johnsen tok utdanning i Oslo, Bergen og London. Under Balkan-krigane jobba ho som sjukepleiar. Frå 1914 var ho overjordmor på Rikshospitalet.
I 2018 fylte jordmorutdanningen 200 år og er OsloMets eldste utdanning.
Utmerkingar: Kongens fortenestemedalje i gull, den internasjonale Florence Nightingale-medaljen.
Auditorium E101, Grete Prytz Kittelsen
Grete Prytz Kittelsen (1917-2010), designar og gullsmed
Ho blir rekna blant Nordens fremste formgivarar og dreiv aktiv forsking innan design. Norsk brukskunst og designhistorie frå 1945 og til i dag er prega av hennar virke. Ho bidreg til fornying av undervisinga og eiga utdanning i industridesign. Kittelsen tok initiativ til forsking på ny emalje og dekorering.
Utmerkingar: Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.
Auditorium E110, Ingrid Espelid Hovig
Ingrid Espelid Hovig (1924-2018), programleder og forfatter
Ho var ein folkekjær formidlar av matglede, ernæring og helseførebygging. NRK-programma og kokebøkene hennar har hatt stor betyding for norsk folkehelse. Hun var utdanna husstellærar frå Statens lærerinneskole i husstell på Stabæk, ein av OsloMet sine forløparar.
Utmerkingar: Life Time Achievement Award of International Association of Culinary People. Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.
Auditorium E120, Gudrun Wolans hus
Gudrun Wolan (1912-1998), rektor og sjukepleiar
Ho var ein pioner innan moderniseringa av sjukepleierutdanninga. Frå 1961-1977 var ho rektor ved Røde Kors sykepleierskole i Oslo og Akershus, forløpar til utdanninga ved studiestad Kjeller. Ho stod bak ny nasjonal skuleplan for sjukepleierutdanninga i 1973. Studentane fekk studentstatus og studiesosiale vilkår.
Utmerkingar: Kongens fortenestemedalje i gull.