Emnet koplar humanioraforsking til profesjonskunnskap og særskilt lærarprofesjonen. Emnet vil gje ein praktisk og teoretisk gjennomgang av hermeneutikk, bruk av humanistisk forskingstilnærmingar og innsikt i profesjonskunnskap.
Opptakskrav og søknadsfrist
Søknadsfristen for dette emnet har blitt utvidet til 1. desember 2024.
Søknadsfrist og opptakskrav til ph.d.-emner ved fakultet LUI.
Slik søker du
Om emnet
Når emnet er gjennomført vil deltakarane ha betre kjennskap til filologiske arbeidsmåtar i eigen forskingspraksis og kva humanistisk forsking kan bidra med i utdanningsvitskaplege samanhengar med vekt på filosofi, historie, pedagogikk og språkvitskap.
Ta gjerne kontakt med emneansvarleg om du lurer på noko.
Emneplan for PHUV9390
Detaljert informasjon om arbeidsformer, vurdering m.m. finn du i emneplanen (student.oslomet.no).
Undervisings- og eksamensdatoar
Undervisingsdatoar er
- 21. januar 2025 kl. 12.30-16.15
- 7. februar 2025 kl. 12.30-16.15
- 14. mars 2025 kl. 12.30-16.15
- 28. mars 2025 kl. 10.30-16.15
Eksamen er 23. april 2025.
Du finn også undervisings- og eksamensdatoar på Timeplan på nett (tp.educloud.no). Tast inn emnekode PHUV9390. Hugs riktig semester i nedtrekksmenyen.
Kursene vil bli haldt fysisk. Enkelte av kursdagane vil ha hybrid gjennomføring.
Attest for fullført emne
Deltakarar som har gjennomført og bestått kurs kan sjølv skaffe seg dokumentasjon på dette. Karakterutskrift kan du bestille på Studentweb (fsweb.no) eller hente på Vitnemålsportalen (vitnemalsportalen.no). Du finn meir informasjon om karakterutskrift og vitnemål (student.oslomet.no) på studentsidane.