Universitetsbiblioteket gjennomfører hausten 2024 ein tenesteutviklingsprosess for å sikre likeverdige og gode tenester. Tidlegare har du kunne kontakte biblioteket via ein kontaktbibliotekar. Denne ordninga er no avvikla.
For tenester der du tidlegare har fått hjelp av kontaktbibliotekaren din kan du no ta kontakt via følgjande kanalar:
- Undervisning: Ønsker du å booke inn biblioteket i undervisninga di, ta kontakt på biblioteket@oslomet.no. Vi tilbyr mellom anna undervisning i kjeldebruk og referering, Zotero, oppgåveskriving, studieteknikk og litteratursøk.
- Pensumlister: Informasjon om pensumlister (ansatt.oslomet.no).
- Tilbod til forskarar og ph.d.-kandidatar: Har du spørsmål knytt til forskinga di, eksempelvis om akademisk skriving på engelsk, bibliometri, litteratursøk til kunnskapsoppsummeringar, publisering, med meir, kan seksjon for forskingsstøtte hjelpe deg. Informasjon om forskingsstøtte.
- Forslag til innkjøp: Har du forslag til litteratur eller digitale ressursar biblioteket bør ha i samlinga, kan du sende forslag til biblioteket@oslomet.no.
Du er alltid velkommen til å kontakte oss på e-post (biblioteket@oslomet.no) eller komme innom oss i skranken på eit av dei fire utlånsstadene våre.
Vi ønsker å vere ein nyttig samarbeidspartnar for deg i arbeidskvardagen din, og tek gjerne mot tilbakemeldingar og innspel på tenestetilbodet.