– Då eg var student takka eg ofte ja til prosjekt og andre ting som skjedde på campus. Eg hadde tid og lyst, fortel Olav entusiastisk.
– Etter kvart vart eg med i prosjektet Ny i praksis, eit prosjekt som seinare fekk namnet AlumniBarnevern. Målet vårt var ganske enkelt; møte gamle studievener, bli kjende med nye, lære noko nytt og ha det hyggjeleg.
Gjengen bestemde seg for at dei skulle arrangere ein årleg konferanse for tidlegare studentar i samarbeid med to lærarar frå barnevernutdanninga. Då kunne dei invitere spanande føredragshaldarar med erfaring frå barnevernsfeltet og fagfolk dei såg opp til og som var ein del av pensumet. Alumnigruppa møttest på Egon eller heime hjå Olav. Saman planla dei tema og program.
Olav tok jobben som konferansier og musikklærar Svein Fuglestad sette tonen, som eit fast innslag på starten av kvar konferanse. God stemning i salen var sjølvsagt viktig. Ein gong trefte Olav ein i publikum som fortalde at han ville byte yrke etter å ha høyrt på føredragshaldarane. Olav hugsar det godt.
– Det var gøy! Det handlar jo om å utvide perspektivet på eiga utdanning, noko eg synest er utruleg givande. Vi inviterte faktisk lærarane òg. Kom og heng med oss, sa vi! Og dei kom.
Kva betyr alumni?
Alumni er eit ord frå latin som betyr nettverk for tidlegere studenter ved eit universitet. Gjennom nettverket kan du halde kontakt med gamle bekjente, knytte nye kontaktar og få tilgang til fagleg påfyll.
Det er veldig tilfredsstillande å arrangere konferanse! Å utvide perspektivet på eiga utdanning er utruleg givande!– Olav Hynnekleiv
Olav fortel om mykje glede og takknemlegheit for det han har vore med på. Og til dei som er nervøse for mingling og smalltalk fortel han betryggande:
– Eg er helt sikker på at alle, både utadvendte og innadvendte, har det fint på alumnikonferansane. Du kan godt berre lytte, ete kringle og seie takk for deg. Eg lovar deg at du reiser hjem litt klokare.
Seks alumnigruppetips frå Olav
- Finst det ikkje ei alumnigruppe for di utdanning? Lag ein sjølv! Just do it.
- Om du skal arrangere alumnisamling er det lurt å ha same programoppsett kvar gang. Faste haldepunkt som gir publikum forutsigbarheit. Kringle kl. 14, for eksempel.
- Treng du inspirasjon til kva du kan gjere? Bruk OsloMet. Snakk med din favorittlærar eller studieleiar. Saman kan de legge ein plan for å starte ei alumnigruppe.
- Du treng ikkje arrangere konferansar. Finn din eigen form!
- Bruk LinkedIn! Der finn du folk du kan invitere og samarbeide med.
- Ikkje gløym å oppdatere CV-en din. Det å starte ei alumnigruppe viser initiativ og engasjement ovanfor arbeidsgivarar.
Er du tidlegare barnevernstudent? Bli med i Alumni-barneverngruppa på Facebook!