Oppdag jobbar som aldri blir lyst ut
Ein stor del av jobbar i Noreg blir ikkje lyst ut. Grunnane til dette kan være mange, men for å få nyss om desse jobbane, er du avhengig av å ha eit nettverk.
Folk i nettverket ditt sit på kunnskap som kan gi deg eit fortrinn når du søker jobb
Når du skal søke på ein jobb er det lurt å sjekke om nokon i nettverket ditt jobbar hos arbeidsgivaren du skal søke jobb hos. Bruk denne kontakten til å finne ut korleis det er å jobbe der hen jobbar, og kva slags medarbeidarar verksemda ser etter. Kva bør du vite når du skriv søknaden din? Kven ser sjefen eigentleg etter? Då sit du på kunnskap som hjelper deg å skrive ein betre søknad og kome med relevant informasjon i ein intervjuprosess.
Få ein fot innanfor
Eit velutbygd nettverk kjem også godt med dersom du flyttar til ein annan by eller til eit anna land. I ein slik situasjon er det gull verdt å kunne lene deg på ein eller fleire som kjenner lokale forhold betre enn du gjer sjølv. Særleg andre som har tatt same utdanning som deg og som jobbar i bransjen du prøver å få jobb i, kan hjelpe deg med å få ein fot innanfor.
Korleis bygger du eit nettverk?
Ordet «nettverk» høyres kanskje litt skummelt ut. Men alle har eit nettverk, sjølv om dei kanskje ikkje tenkjer på det som det. Nettverket ditt består av vener, kjente, vener av vener, kollegaer frå sommar- og deltidsjobbar, førelesarane dine, praksisrettleiarar, han du møtte på ferie, ho du jobba frivillig saman med – for å nemne nokre eksempel. Her er ei enkel øving du kan prøve for å bli meir bevisst på kven som er i nettverket ditt:
- Skaff deg eit ark og bruk fem til ti minutt på å skrive namna til folk du har kjent gjennom ulike livsfasar. På denne måten blir du fort bevisst kor mange du eigentleg kjenner, og som dermed inngår i nettverket ditt.
- Skriv deretter opp alle arbeidsgivarane du har jobba for eller jobbar for i dag. Lista over arbeidsgivarar blir fort ganske lang.
Denne øvinga gjør det forhåpentlegvis litt enklare for deg å visualisere nettverket ditt – både breidden i det og moglegheitene som ligg i det.
Nettverket ditt er ikkje statisk. Det veks kvar gang du har ein gjesteførelesar, gjennomfører ein praksisperiode, eller jobbar frivillig på ein festival. Nettverket ditt veks nærmast av seg sjølv. Men det er opp til deg å halde oversikt over nettverket ditt, og å dra nytte av det.
Samle nettverket ditt på ein stad
Behald gjerne arket med kontaktar og bedrifter, men det fins ein enklare måte å halde oversikt over nettverket ditt på: LinkedIn.
LinkedIn er ein slags profesjonell Facebook. Her er fokuset på karriere, jobb, og nettverksbygging. Som ny brukar vil du fort merke at brukaropplevinga liknar mykje på Facebook. Eit fellestrekk er at di LinkedIn-oppleving byggjer på dei forbindelsane du har og dei sidene du sjølv vel å følgje.
LinkedIn er tilgjengeleg som app, noko som gjer det enklare å sende kontaktførespurnad til ein gjesteførelesar eller representant for ei verksemd du møter på ein karriere- eller bransjedag der og då. Er du redd dei vil syns det er rart at du legg dei til?
Hugs to ting:
- Folk som har ein profil på LinkedIn er der nettopp for å drive med nettverksbygging.
- Dei fleste er positive til å hjelpe studentar og nyutdanna med å få ein fot innanfor.
Tips til korleis du kan utvide nettverket ditt på LinkedIn
- Ha låg terskel for å legge til andre som forbindelsar på LinkedIn. Som hovudregel bør du legge til folk du har møtt før, men du kan godt sende ein førespurnad til nokon du ikkje kjenner, men som du syns har ein interessant profil. I så fall bør du skrive to setningar saman med kontaktførespurnaden og forklare kvifor du ønskjer å knyte kontakt. Hugs at god nettverksbyggingsskikk førutset at du også er raus med å sleppe folk inn i ditt nettverk.
- Meld deg inn i tema- og bransjegrupper. Då får du tilgang til profilane til andre medlemmer i gruppen. Ved å kikke gjennom profilane til gruppemedlemmane, får du innblikk i korleis dei har kome dit dei er i dag, noko som gjer det enklare for deg å førestille deg ditt eige karriereløp.
- Benytt deg av OsloMets eigen alumniportal på LinkedIn for å søke opp tidlegare OsloMet- og HiOA-studentar som jobbar i ei rekke bransjar.
Alumniportalen gir deg tilgang til flere tusen profilar og kan brukast til å:
- få innblikk i kva andre som har same utdanningsbakgrunn som deg jobbar med i dag, og korleis karriereutviklinga deira har vore.
- leite etter alumni som jobbar for ein arbeidsgivar du kunne tenke deg å jobbe for. Kanskje dei kan gi deg nokre råd eller svare på spørsmål?
- kartlegge om det bur nokon som har studert ved OsloMet i byen eller regionen du vurderer å flytte til. Kanskje dei kan hjelpe deg med å orientere deg i den lokale arbeidsmarknaden?
Å bygge nettverk trenger ikkje å vere skummelt
Vi håpar denne rettleiinga har gjort deg meir bevisst på nettverket du har og har gitt deg tips du kan bruke til å forvalte det.
Det å bygge nettverk er i stor grad noko som skjer naturleg, men det kan vere lurt å setje det i system. Syns du fortsatt det er ekkelt å bruke folk i nettverket ditt til å spørre om tips og råd? Hugs at de fleste av oss syns det er ålreit å hjelpe andre. Vi trur du vil oppleve at mange er positivt innstilte til å gi råd og rettleiing til nyutdanna i ei vanskeleg tid.