Flyktningkvinner kjem raskare i jobb i Norden

Hender som ordnar med ein blomsteroppsats i ei glasskål.

OECD-rapporten viser at flyktningkvinner kjem raskare i jobb i Noreg og i Sverige enn land som Tyskland og Austerrike. Kvinnene blir òg raskare integrerte.

– Ei viktig forklaring er dei omfattande introduksjonsprogramma for flyktningar som både Noreg og Sverige har, seier forskar Kristian Tronstad.

Tronstad er forskar ved NIBR på OsloMet, og står bak OECD-rapporten saman med økonomen Thomas Liebig.

Møter ei rekkje problem

Mellom 40-45 prosent av flyktningane i Europa er kvinner, og kvinner utgjer dermed ein stor og aukande del av flyktningane i Europa.

Dei møter ei rekkje utfordringar og barrierar for å få seg jobb når dei kjem til Europa.

Flyktningkvinnene har mykje høgare deltaking i den norske arbeidsmarknaden enn landet dei flykta frå – Kristian Tronstad

Analysen viser mellom anna at

Opplæring verkar

Nordiske land investerer mykje i kvalifisering gjennom såkalla introduksjonsprogram.

Programma er obligatoriske og det blir stilt like krav til menn og kvinner for å delta. Her får flyktningane både språkopplæring og hjelp for å komma i jobb.

– Sjølv om flyktningkvinner møter ei rekkje barrierar for å få komma i jobb, så viser denne rapporten at språkopplæring og kompetanseheving hjelper fleire flyktningar til å kvalifisera seg for ein jobb i den norske arbeidsmarknaden, seier forskar Kristian Tronstad.

–  Rapporten tyder på at denne typen satsingar verkar.

Har lite formell kompetanse

– Sjølv om flyktningkvinnene har låg formell kompetanse og kjem til ein norsk arbeidsmarknad med høge krav til formell kompetanse og utdanning, så kjem mange av dei likevel i arbeid, seier Tronstad.

Rapporten tyder òg på at flyktningane på mange måtar tilpassar seg norsk arbeidsliv.

Mange flyktningkvinner kjem frå nokre av dei minst likestilte landa i verda og flyktar til Europa og Norden som er blant dei mest likestilte landa.

Kvinner utgjer ein stor og aukande del av flyktningane i Europa – Kristian Tronstad

– Rapporten viser at flyktningkvinnene har mykje høgare deltaking i den norske arbeidsmarknaden enn landet dei flykta frå.

– Analysane i rapporten tyder på at det er mykje mindre skilnader mellom menn og kvinner i mottakarlandet enn i landa dei flyktar frå, seier Tronstad.

Mange står utanfor

Sjølv om flyktningane etter lang tid i Noreg nærmar seg majoritetsbefolkninga når det gjeld deltaking i arbeidsmarknaden, så understrekar Tronstad at mange framleis blir ståande utanfor arbeidslivet.

Språkopplæringa fører heller ikkje nødvendigvis til at kvinnene kjem i jobb, men er likevel viktig fordi det gir dei betre føresetnader for å fungera som foreldre for barna.

Heile rapporten kan lastast ned på OECDs nettsider: Triple Disadvantage? A first overview of the integration of refugee women (oecd-ilibrary.org)

Denne artikkelen vart opphavleg publisert på hioa.no/vitenogpraksis 11. september 2018.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 13.09.2018
Sist oppdatert: 19.07.2023
Tekst: Stig Nøra
Foto: Benjamin A. Ward / HiOA

Relatert forsking

Eple som blir skore opp på skjerefjøl med ein stor kniv.
Nesten halvparten seier dei ikkje har nok mat på asylmottak

Studie frå OsloMet viser at 44 prosent av asylsøkjarar i norske mottak opplever å vera svoltne.

To menn som skyver et stort kjøleskap inn i et hjørne på et kjøkken
Kjøleskap og fryseres levetid ned med 1,5 år

Men vi bytter ikke ut kjøleskapet kun fordi det har sluttet å virke.

Lærer som korrigerer notatene til en elev
Hvorfor er det viktig at lærere og andre profesjoner skal kunne ytre seg fritt?

Hva skjer med styringen av profesjonene og i hvilken grad tør man å uttale seg overfor makten i dagens norske arbeidsliv?

Hendene til to personer med kniver og en skjærefjøl. Den ene skjærer en chili, den andre skjærer pasjonsfrukt i to.
Hvordan kan barnehagene skape matglede?

Skal barna spise forskjellige typer mat, må de få prøve ut ulike smaker i trygge omgivelser.

Ansikt av et nyfødt barn delvis dekket av dyne
Hvilken fødsel foretrekker norske kvinner?

OsloMet-forsker Lena Henriksen har flere råd til gravide som har fødselsangst og ønsker seg keisersnitt.

Norsk flagg ved siden av Europa-flagg foran stor bygning.
Halvparten av sakene i kommunestyrer og fylkesting berørt av EU eller EØS

Rapport viser at EU berører halvparten av sakene i kommunene.