Har norsk barnevern eit ufortent dårleg rykte?

Demonstrasjon mot barnevernet.

Det norske barnevernet har dei siste åra måtta tole kritikk både nasjonalt og internasjonalt. Misnøya dreier seg ofte om saker der barn blir plasserte utanfor heimen. 

– Kritikken av norsk barnevern er blåsen veldig opp av politiske aktørar i Sentral- og Aust-Europa. Problema i norsk barnevern er ikkje så store og akutte som dei framstiller det som, seier NIBR-forskar Jørn Holm-Hansen ved OsloMet.

Organisert av politiske aktørar 

Holm-Hansen fortel at protestane mot barnevernet ofte er organiserte av nasjonal-konservative grupperingar i land som Russland og Polen.

– Dei framstiller praksisen til barnevernet ved omsorgsovertakingar som eit ledd i ei europeisk normoppløysing.

– Dette er menneske som aktivt går inn for å eskalere forteljinga om at norsk barnevern ikkje respekterer familielivet, supplerer NOVA-forskar  Asgeir Falch-Eriksen.

Meir vagt kriterium 

Det er ofte kriteria for omsorgsovertakingane familiane og støttespelarane deira reagerer på, fortel Holm-Hansen.  

– I heimlanda deira har dei ofte meir handgripelege grunnane for at barna blir tekne frå foreldra. Alle kan sjå at mor og far drikk eller at barnet blir fysisk mishandla, seier Holm-Hansen.  

Portrettbilde av forsker Jørn Holm-Hansen.

NIBR-forskar Jørn Holm-Hansen ved OsloMet. Foto: Sonja Balci / OsloMet

– I Noreg skal ein ikkje berre unngå grove forsømmingar, men barn skal ha gunstige oppvekstsvilkår. Dermed blir kriteria meir vagt, og dei er ikkje alltid like lette å formulere og dokumentere, seier han. 

Falch-Erichsen og Holm-Hansen skal gjennom forskingsprosjektet CONSENT undersøkje korleis FNs barnekonvensjon blir brukt i samfunnsdebatten, i lovgiving og i sentral policy i barnevernet i Noreg og Romania (sjå faktaboks). 

Må ta kritikken på alvor 

Samtidig som Falch-Eriksen og Holm-Hansen meiner kritikken er blåse opp, understrekar dei at barnevernet må ta delar av kritikken på alvor.  

– Barnevernet får kritikk for å gripe inn på grunnlag av vage og dårleg dokumenterte kriterium, for at dei gjer for lite for å sørgje for kontakt mellom barna og dei biologiske foreldra, og at det er få eller ingen moglegheiter til å få barna tilbake, seier Holm-Hansen.  

Sidan 2015 har Noreg vorte felt fem gonger i barnevernssaker i Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg (EMD). Kritikken frå EMD har mellom anna dreidd seg om at Noreg einsidig fokuserer på barnets beste i desse sakene, utan å balansere dette mot barna og retten foreldra har til familieliv.

– Saker blir behandla ulikt 

Falch-Eriksen meiner at ein del av utfordringa i norsk barnevern er at barnets beste blir praktisert ulikt.

Prinsippet om barnets beste har vore formulert i norsk lov sidan 1953, men har endra innhald. I starten vurderte ein det som best for barnet å vekse opp i eigen familie. Etter kvart har kravet til barnet på vern i seg sjølv, uavhengig av familien, vorte sterkare og sterkare i Noreg.

I dag er interessene til det barnet i seg sjølve som skal vere utgangspunktet for avgjerdene til barnevernet.

– Samtidig er det ikkje ei felles forståing av kva barnets beste faktisk inneber i dagens barnevern. Saker blir dermed ikkje behandla likt, og det er eit problem for rettstryggleiken, seier Falch-Eriksen.

Portettbilde av forsker Asgeir Falch-Eriksen.

NOVA-forskar Asgeir Falch-Eriksen ved OsloMet. Foto: StudioVest / NOVA

– På kvar fjellknaus i dette landet sit det personar som tek avgjerder for vern av barn heile tida. Det er ingen garanti for at eit tilfelle i Vadsø blir behandla likt eit tilfelle i Kristiansand, seier han.

Det som gjer det ekstra komplisert, er at det knapt er ei einaste sak som er lik den andre, forklarer han.

– Prinsippet om likebehandling må derfor liggje på eit anna nivå enn i det operative der kvart tilfelle er ulikt det neste.

Fakta om forskingsprosjektet CONSENT

Prosjektet skal undersøkje i kva grad FNs konvensjon om barns rettar blir oppfatta som relevant i det offentlege ordskiftet, i lovgiving og sentrale policy-dokument, og blant tenestearbeidarar i barnevernet i Noreg og Romania. Hovudsamarbeidspartnar er Babeș-Bolyai-universitetet i Cluj, Romania.

I tillegg skal prosjektet studere tillitskriser i barnevernet, og kva vi kan lære av slike.

Til slutt har prosjektet til hensikt å utvikle policy-forslag for korleis ein kan arbeide for å etablere eit barnevern befolkninga kan stole på.

Prosjektkoordinator i Noreg: Asgeir Falch-Eriksen.

Prosjektdeltakarar: Jørn Holm-Hansen, Lars Chr. Munkerud og Marit Skivenes.

Må bli kjent med kvart enkelt barn

Falch-Eriksen meiner at barnets beste må inn i alle ledd i barnevernet. Frå politikk til policy-utvikling og særleg nede i det operative leddet.

– Barnets beste bør vere førande heilt frå start, i alle avgjerder. Den endelege avgjerda skal designast til kvart enkelt barn. Dermed er barnevernet nøydd til å gå inn og bli kjent med barnet før dei gjer noko som helst, seier han.

Jørn Holm-Hansen og  Asgeir Falch-Eriksen deltok på det første SAMSVAR-seminaret i år 3. mars. Temaet for seminaret var norsk barneverns dårlege rykte.

Kontakt

Laster inn ...
barn i skolegård
– Vanlige barn gjøres til problembarn

Forskere er kritiske til den økende bruken av standardiserte programmer for å forebygge og løse problemer i skoler og barnehager.

Portrett Edda Stang som smiler
– Barnevernet må lytte til Facebook-protester

OsloMet-forsker Edda Stang har forsket på Facebook-gruppene og mener de kan ha viktige innspill til barnevernspolitikken.

Publisert: 28.02.2020
Sist oppdatert: 30.07.2024
Tekst: Heidi Ertzeid
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB Scanpix og Sonja Balci og StudioVest / NOVA