Kven klipper snora?

Oslo-ordførar Marianne Borgen, som ser på dokument på eit skrivebord saman med ei anna kvinne.

Kommunar med formannskapsmodell har éin politisk leiar: Ordføraren. I kommunar med parlamentarisk styringsordning har kommunen to framståande politiske leiarposisjonar: Ordføraren og leiaren av kommunerådet. Dei to største byane i landet har denne styringsordninga, og desse utgjer nærare ein femdel av befolkninga.

Rolla som ordførar i kommunar med parlamentarisk styringsordning er ikkje undergitt tydeleg regulering, og har nokre uklare element. Forskarar ved OsloMet har i rapporten «To tårn, to leiarar» undersøkt fordelinga av representasjonsoppgåver mellom byrådsleiaren og ordføraren i Oslo kommune.

– Sjølv om «snorklipping» i seg sjølv ikkje er maktutøving, berører prosjektet viktige sider ved maktfordelinga mellom byrådet og bystyret, seier jurist og prosjektleiar Sigrid Stokstad. Ho er forskar ved By- og regionsforskingsinstituttet NIBR.

Portrett av Sigrid Stokstad.

30 år gammal ordning

Den kommunale parlamentariske styringsmodellen i Noreg er i hovudsak utvikla i Oslo kommune. I 2016 kunne kommunen markera 30-årsjubileet for innføring av kommunal parlamentarisme. Dette faktumet åleine er ein klar indikasjon på at den parlamentariske styringsforma opplevast som formålstenleg og fordelaktig. Samtidig er det visse sider av styringsforma som framleis opplevast som uavklarte.

– Denne grunnleggjande tosidigheten er framleis ikkje heilt avklart, meir enn 30 år etter at styringsordninga vart innført, seier Stokstad.

Oppfatningar og forventningar knytt til rolla og posisjonen til ordføraren er truleg framleis forma av tradisjonen tilbake til formannskapslovene av 1837. Når ordføraren gjennom over 180 år har vore norske kommunars fremste folkevalde og suverene leiar, er det rimeleg å tru at dette òg formar posisjonen til ordføraren i ein kommune med parlamentarisk styringsform, meiner ho.

Portrett av ein smilande Raymond Johansen i dress i ein sal i Oslo rådhus.

Byrådsleiar Raymond Johansen (Ap), Oslo kommune. Foto: Oslo kommune / Wesenberg, Kolonihaven Foto: Oslo kommune / Wesenberg, Kolonihaven

Forskarane meiner at det at lovgivinga framleis fastset at det skal vera ordførar i kommunar med parlamentarisk styringsform, er eit signal om at denne posisjonen er rekna som viktig òg i slike kommunar.

Kommunar med denne styringsforma utgjer nærare ein femdel av befolkninga. I den nye og svært folkerike fylkeskommunen Viken legg den politiske leiinga opp til at det skal etablerast parlamentarisk styringsordning etter neste val. Det er difor god grunn til å ha framleis fokus på uavklarte sider ved denne styringsmodellen, ikkje minst når det gjeld posisjonen til kommunestyret, meiner prosjektleiaren.

Referanse

Klausen, Myrvold og Stokstad (2018): To tårn, to leiarar - Kven skal representera Oslo kommune?, NIBR-rapport 2018:10, By- og regionsforskingsinstituttet NIBR, OsloMet – storbyuniversitetet

Denne artikkelen vart opphavleg publisert på hioa.no 10. september 2018.

Fakta

Prosjektet «Ordførerens rolle i kommuner med parlamentarisk styringsmodell» er utført på vegner av Oslo kommune ved Bystyrets sekretariat.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 11.09.2018
Sist oppdatert: 19.07.2023
Tekst: Jan-Tore Berghei
Foto: Sturlason, Oslo kommune

Relatert forsking

Stekt laks på en tallerken med nudler og salat og en gaffel.
Nesten bare godt voksne spiser fisk

Dagens produkter passer ikke inn i de unges spisevaner, viser studie.

Ei lita jente med skulesekk, gåande og held hendene til to vaksne.
– Mange norske skular er ikkje klare for seksåringane

Det er for mykje stillesitting og for lite variasjon for førsteklassingane i skulen, meiner forskarar.

To menn som jobbar framfor fire PC-skjermar på eit kontor.
Vil gjera 5G sikkert

OsloMet-forskarar vil utvikla ein prototype av 5G, der nettet kan delast opp for å gi betre tryggleik.

Høyrehendene til to personer som hilser på hverandre.
Lønner seg å ansette folk som bryr seg om andre

Organisasjoner bør ansatte folk som ikke først og fremst bryr seg om seg selv, men som også er opptatt av andre.

Bibliotekinteriør, OsloMet Kjeller
Litteratur som krisehjelp

Kan livet ditt forandra seg gjennom å lesa skjønnlitteratur?

Bygårdsfasader med vinduer og balkonger
Levekårsproblemene hoper seg opp hos innvandrere

Tre ganger så mange innvandrere har økonomiske problemer og dårlige boforhold sammenliknet med befolkningen ellers.