Det er eit politisk mål at flest mogleg lærarstudentar skal dra på utveksling i løpet av studietida. For tilsette i lærarutdanninga har dette målet vore vanskeleg å jobba mot, samtidig som det er uklart kva som i det heile er formålet med det.
For studentane sjølv kan andre former for internasjonalisering vera meir verdifullt, skriv Tea Dyred Pedersen i den ferske doktoravhandlinga si, "Making mobility meaningful: A study of policy and practices of international student mobility in Norwegian teacher education".
– Den norske internasjonaliseringspolitikken er veldig fokusert på mobilitet, altså at studentar reiser på utvekslingsopphald. På dette området kjem ofte grunnskulelærarutdanningar til kort – mobiliteten er ikkje så høg her. Eg har sett på om mobilitet eigentleg er så viktig som politikarane gir inntrykk av, og forholdet mellom politikk og praksis, forklarer Tea Dyred Pedersen.
– Det er semje om at internasjonalisering er bra og bidreg positivt for lærarprofesjonen i framtida, men er mobilitet den einaste vegen? spør ho.
Eit eindimensjonalt syn på internasjonalisering
Politiske saksdokument på feltet gir inntrykk av at lærarutdanningane og kommande lærarar skal løysa alle problema i samfunnet, meiner Pedersen. Ifølgje dokumenta bidreg utveksling til høgare kvalitet på utdanninga, noko som igjen er tenkt å skapa positive ringverknader for elevane.
Forskinga til Pedersen viser likevel at dei som jobbar ved lærarutdanningane, opplever at politikken på feltet fokuserer for mykje på talet på studentar som dreg på utvekslingsopphald. Samtidig erfarer dei at det er for lite merksemd rundt kvaliteten på opphaldet, og på andre former for internasjonalisering.
Rammeplanen legg opp til at studentane kan ta eit utvekslingssemester på eit bestemt tidspunkt i utdanningsløpet, og helst til land i Europa som utdanningsinstitusjonane kan få til forskingssamarbeid med.
Er utvekslingsopphald den einaste måten å internasjonalisera lærarutdanninga på?– Tea Dyred Pedersen
– Men dette skaper eit eindimensjonalt syn på kva internasjonalisering skal vera, meiner Pedersen.
Ho utdjupar:
– Det blir oppfatta som enklare å få studentane til å reisa på praksisopphald utanlands, enn på ordinær utveksling. Fleire tek praksis i utviklingsland i Afrika og Asia. Denne erfaringa verdset også utdanningsinstitusjonane, for når lærarstudentar har undervist i klasserom i andre delar av verda, blir dei i stand til å reflektera over sin eigen kultur på ein annan måte.
Kva er eigentleg poenget med utveksling?
Problemet er at praksisopphald i utlandet – sjølv om det kan gi verdifull erfaring – ikkje tel i statistikken for internasjonalisering. Medan utdanningsinstitusjonane får økonomisk utteljing for at lærarstudentar dreg på utveksling som del av studieløpet, får dei ikkje det for dei som tek praksis i utlandet, forklarer Pedersen.
Ho peikar også på etiske problem ved at studentar reiser utanlands: Opphald i utviklingsland er ikkje problemfritt, og utanlandsreiser gir klimaavtrykk.
I tillegg er det vanskeleg for dei tilsette ved institusjonane å leggja til rette for utanlandsopphald, fordi det er uklart kva som er formålet, seier ho:
– Er poenget med å reisa at du skal oppleva noko anna enn det du gjer heime? Eller noko som liknar?
For lærarstudentar kan praksisopphald i utlandet vera meir verdifullt enn ordinær utveksling– Tea Dyred Pedersen
Internasjonalisering av lærarutdanningane
Pedersen understrekar likevel at det er viktig med internasjonalisering på lærarutdanningane, ettersom lærarane i framtida vil møta elevar frå alle verdshjørne. Men ho er usikker på om utveksling er den beste vegen å gå:
– Lærarutdanningane blir ikkje faktisk internasjonaliserte av at nokre få reiser. Det ville vore betre med ei meir heilskapleg tilnærming til internasjonalisering av heile utdanninga – noko som ville gagne alle studentane, og ikkje berre dei som reiser ut.
Avhandlinga peikar på at dette ansvaret ikkje berre kviler på lærarutdanningane og deira tilsette, men også overordna på utdanningsinstitusjonane og avgjerdstakarane.
– Viss me skal få til meir internasjonalisering og mobilitet, må heile tankegangen bli mindre instrumentell og meir orientert mot meininga og formålet med det, avsluttar Pedersen.