Skuleopptak med karakterar skaper mest ulikskap

Ungdommar som står i ein korridor på ein skule.

Inntaket til vidaregåande skular i Oslo har vore diskutert i tiår blant politikarane. No har forskarar ved OsloMet testa ulike inntaksmodellar.

Analysen deira viser at karakterbasert opptak gir lågast del elevar som får innfridd førsteønsket sitt og størst segregering.

Loddtrekking, derimot, gir ei meir mangfaldig elevsamansetning på skulane, men gir relativt høge andelar elevar som blir vidareøkt til skular dei ikkje har søkt seg til.

Heller ingen av dei andre inntaksmodellane skårar høgt både på å innfri flest søkjarars førsteønske og å redusere segregeringa.

– Det er ikkje opplagt kva modell som er best. Viss målet er å unngå segregering, er loddtrekking best. Viss målet er å innfri førsteønske, er modellen som prioriterer førsteønsket best, seier Håvard Helland ved OsloMet, som er ein av forskarane bak rapporten.

Han understrekar at begge desse modellane føreset at søkjemønsteret er som det var under karakterbasert inntak i 2018.

Testa fem ulike inntaksmodellar

Det er fleire utfordringar knytt til dagens ordning for opptak av elevar til vidaregåande skule i Oslo. Mellom anna er det ei stor segregering mellom skulane. Dei flinke elevane samlar seg på nokre skular medan det på andre skular er motsett. Elevar blir også skilde mellom skulane utor innvandrarbakgrunn og sosial bakgrunn.

Byrådet i Oslo har derfor sett ned eit inntaksutval som skal sjå på ulike måtar å gjere opptaket på.

Olga Serediak og Håvard Helland ved Senter for profesjonsforsking på OsloMet har på oppdrag frå inntaksutvalet testa fem modellar for opptak.

– Inntaksmodellen kan forståast som eit køordningssystem som styrer kven som får velje skule først. Til dømes, ifølgje karakterbasert inntak, er det dei med best karakterar som får velje først, medan ved loddtrekking er det tilfeldig kva søknad som blir behandla først, forklarer Olga Serediak.

Modellane er vurderte etter andelen elevar som får oppfylt førstevalet sitt og andelen som blir vidaresend til skular dei ikkje har søkt seg til. Forskarane har også vurdert etter ei meir mangfaldig elevsamansetning.

– Her har vi sett på mangfald når det gjeld skuleprestasjonar, morsmålstype, sosial bakgrunn og kjønn, seier Olga Serediak.

Desse fem modellane har forskarane testa:

Inntaksprosessen i Oslo består av to trinn. Forskarane har studert del to av denne prosessen, som du kan lese meir om i faktaboksen.

Modell 1: Karakterar

I dag er det karakterbasert inntak til vidaregåande skular i Oslo. Det betyr at elevane med dei høgaste karakterane frå ungdomsskulen får velje skule først. Karakterane avgjer korleis køen av søkjarar blir ordna.

– Fordelen med denne modellen er at det av mange blir oppfatta som rettferdig at gode karakterar blir premierte og medan ulempene er at denne modellen bidreg til stor segregering, fortel Håvard Helland.

Modell 2: Loddtrekking

I loddtrekkingsmodellen får alle som har fått plass på eit studieprogram tildelt eit tilfeldig nummer.
Først blir dei plasserte med lågast nummer. Dei som har for høgt nummer til å få plass på skuleønska sine for dette utdanningsprogrammet, blir fordelte vidare til skular med ledig kapasitet, etter rangeringsnummer.

Utfalla her vil mest sannsynleg variere noko frå trekking til trekking, og modellen vart derfor simulert to gonger.

– Analysane våre viser at loddtrekking reduserer segregeringa, men gir relativt høge andelar som vidaresøkt, seier Håvard Helland.

Det å komme inn på eit ønskt utdanningsprogram/programområde, men på ein skule du ikkje har ført opp, blir kalla vidaresøking.

Modell 3: Kvotering av søkjarar med svake karakterar

Denne modellen har vorte testa to gonger. I ei simulering vart søkjarane med dei ti prosent svakaste karakterane frå ungdomsskulen kvoterte. I ein annan vart dei 20 prosent svakaste kvotert.

Elevane med dei lågaste karakterane vart altså først plasserte på skule i samsvar med skuleønska sine, førsteønsket. Etter at dei kvoterte plassane på skulen er fordelte, blir resten fordelt av skuleplassane etter karakterar.

– Prioritering av dei 20 prosent svakaste er ikkje betydeleg ulik frå karakterbasert inntak når det gjeld andelar med innfridd førsteønske, medan segregeringsnivåa er noko lågare, fortel Olga Serediak.

Modell 4: Rangering etter ønskenummer

I denne modellen blir prioriterte søkjarar etter ønskenummer til skulen.

Søkjarane som har ein skule som førsteønske til det utdanningsprogrammet dei har vorte tekne opp på, får plass på denne skulen først. Dersom det er fleire søkjarar til den aktuelle skulen enn det er tilgjengelege plassar, vil søkjarane rangerast etter karakter-poengsum. Det vil seie at alle først blir rangerte etter skuleønske og deretter på bakgrunn av karakterar.

Dei som ikkje blir plasserte på nokon av skuleønska sine til utdanningsprogrammet blir vidareøkt til ein skule med ledig plass på same utdanningsprogram. Søkjarar skal alltid prøvast blir plasserte på høgaste moglege skuleønske.

– Modellen som prioriterer førsteønsket innfrir flest søkjarars førsteønske, gitt søkning i 2018, men gjer lite med segregeringa, fortel Helland.

Modell 5: Loddtrekking blant primærsøkjarar til ein kvote, kombinert med karakterinntak til resten av plassane

I denne modellen blir inntil 30 prosent av plassane på skulen fylt opp etter loddtrekking blant søkjarar som har skulen som det høgaste skuleønsket sitt til dette utdanningsprogrammet. Dei resterande plassane blir fylte opp etter vanleg karakter-konkurranse som i dag.

– Også her vil utfalla variere noko frå trekking til trekking, og vi har derfor simulert denne modellen to gonger.

– Denne modellen liknar meir på karakterbasert inntak enn på loddtrekking, både når det gjeld del oppfylte førsteønske og mangfald på skular, seier Olga Serediak.

Kva påverkar segregering?

Bosettings-segregeringa i Oslo er sterkare enn i dei andre norske byane.

– Tidlegare hadde ein i Oslo eit opptak som delvis baserte seg på bustad. Det reduserte ikkje segregeringa nemneverdig, fortel Helland.

– Viss målet er å unngå segregering, er karakterbasert inntak uheldigast, seier han vidare. 

I Oslo er segregeringa stor når det gjeld karakterar fortel Olga Serediak. Det er ei utfordring at det er ei opphoping av elevar med gode og dårlege karakterar på dei ulike skulane i Oslo.

Forskarane seier at loddtrekking har størst påverking på segregeringa.

Kva gir fleire elevar plass på skulane dei ønskjer?

– Det er naturleg å tenkje at det kan påverke læringsmiljøet når nesten alle elevane på ein skule ikkje hadde han på søknaden sin, seier Serediak.

Ho trekkjer fram at innan studiespesialisering hadde 434 søkjarar i 2018 Elvebakken skule som førsteval, medan berre 17 elevar hadde Ulsrud skule som førsteval.

– Gitt søkning i 2018, er den inntaksmodellen som innfrir flest søkjarars førsteønske rangering etter ønskenummer, men også den gir noko større del vidaresøkte elevar enn fylkesvis karakterbasert inntak, fortel Serediak.

Søkjemønsteret kan endre seg

Forskarane understrekar at søkjartala er baserte på 2018, og at det kan variere frå år til år. Dersom systemet blir endra, vil også prioriteringane til søkjarane endrast.

– Søkjartala frå 2018 er basert på at søkjarane visste at det var karakterbasert inntak. Det kan vere at nokre søkjarar vil endre søkninga si under eit anna inntaksregime, seier Håvard Helland.

Vegen vidare

Forskarane har ingen klare svar på kva modell som er best.

– Kva som er den beste modellen, avheng av kva målet er. Er til dømes målet å motverke segregering er loddtrekking den best eigna modellen, seier Serediak.

Val av modell kan også føre til endingar i preferansane til søkjarane.

– Endringar i opptaket til vidaregåande skular i Oslo kan kanskje føre til at elevar frå ressurssterke miljø flyktar frå den offentleg skulen til private alternativ?

– Til dømes dersom loddtrekkingsmodellen blir innført og søkjar kjem bakarst i køen for å velje skule, seier Serediak.

No skal inntaksutvalet vurdere denne rapporten i tillegg til fleire rapportar før dei bestemmer seg for ei tilråding.

Referanse

Serediak Olga og Helland Håvard (2020). Inntak til Oslos videregående skoler. Analyse av simulerte inntaksmodeller. OsloMet Skriftserie 2020 nr 1 (skriftserien.oslomet.no)

Fakta om inntaksutvalet

Inntaksutvalet skal vurdere ulike modellar for inntak til vidaregåande skular i Oslo. Forskar Berit Lødding ved NIFU leier utvalet som består av 14 medlemmer. Medlemmene er samansette med deltakarar frå vidaregåande skular, interesseorganisasjonar, forskarmiljø og medlemmer frå Elevorganisasjonen, Kommunalt Foreldreutvalg og Elev- og læringombud. Sekretariatet ligg i Byrådsavdeling for oppvekst og kunnskap.

Utvalet har fått utsett fristen sin og vil levere innstillinga si i mars 2020.

Slik vart dei ulike inntaksmodellane simulerte og analyserte

Inntaksprosessen til vidaregåande skule i Oslo består av to trinn. 1) Søkjarar med rett til vidaregåande opplæring har rett til eitt av tre alternative utdanningsprogram, og inntaket til utdanningsprogram blir først berre gjort basert på karakterar. 2) Så blir søkjarane fordelte på skular. Det er nettopp denne fordelinga av skuleplassar som forskarane har analysert.

Dagens ordning med inntak basert på karakter avvik noko frå den karakterbaserte fylkesvisa modellen som blir simulert i rapporten. Skuleønske er vektlagde noko tyngre i forhold til ønskt studieretning. Simulering er gjord fylkesvis slik at denne modellen er samanliknbar med dei andre simulerte modellane. I fylkesvise modellar blir søkjarane først sorterte til utdanningsprogram. Deretter blir elevane fordelte på utdanningsprogrammet til skular. Under karakterbasert fylkesvis inntak får cirka 60 prosent av elevane sitt førsteønske oppfylt når det gjeld skule og utdanningsprogram, medan om lag 90 prosent får oppfylt primærønsket sitt når det gjeld utdanningsprogram.

Alle analysar er baserte på registerdata frå Oslo kommune og består av søkjarane til offentlege vidaregåande skular i Oslo for skuleåret 2018/2019. I tillegg til simuleringa av karakterbasert inntak, inneheld dataa også simuleringar av alternative inntaksordningar på søkjarmassen frå 2018/2019. Data om demografiske opplysningar om desse søkjarane, som bustad (som også er grunnkrins), kjønn og alder er også med. Det same gjeld karakterar frå ungdomsskulen, og i mange tilfelle kva ungdomsskule dei kjem frå og dei sjølvrapporterte morsmåla deira.

Simuleringane av dei fem inntaksmodellane vart gjennomførte og kvalitetssikra ved ISA (International Software Technology). Modellane som inneber loddtrekking, vart simulerte to gonger fordi loddtrekking kan ha ulik innverknad på fordeling av skuleplassane kvar gong. Dataa vart simulerte berre for førsteinntaket. Grunnen til dette er at andreinntaket blir basert på svar frå søkjarar på tilbodet dei fekk etter førsteinntaket, og det vil ikkje gi meining å prøve å simulere denne responsen. Det er likevel viktig å hugse at søkninga i 2018/2019 baserte seg på den karakterbaserte inntaksordninga, noko som kan tenkjast å påverke søkninga. Simuleringa har likevel den fordelen at ein kan undersøkje korleis sjølve inntaksordninga verkar i ein situasjon der søkning og dimensjonering blir halden konstant.

Analysane omfattar alle ordinære søkjarar med ungdomsrett, det vil seie alle elevar med ungdomsrett som vart teken inn på grunnlag av dagens karakterbaserte inntaksordning. Alle andre søkjarar som vart tekne inn på grunnlag av føreretten (særskilt inntak) eller gjennom individuell søknadsbehandling for minoritetsspråklege 16-19-åringar med kort butid i Noreg er ekskluderte frå analysane. Inntaka deira blir ikkje påverka av inntaksordning og andelen dei utgjer varierer frå skule til skule. Dette introduserer ekstra variasjon som gjer det vanskelegare å identifisere verknader av inntaksmodell.

Kontakt

Laster inn ...
Fem ungdommer i et klasserom med bøker på pultene.
Ungdata: Færre ungdommer trives på skolen

Den nasjonale Ungdata-rapporten for 2019 viser at flere ungdommer kjeder seg på skolen og bruker mindre tid på lekser.

elever i skolegård
Gir mer juss en mer rettferdig skole?

Kan Norge lære noe av Sveriges erfaringer med rettsliggjøring i skolen? Ja, mener forsker som advarer mot naiv tro på rettslige løsninger på sosiale problem

Kvinne med sjal på hodet sittende på en benk foran et stort vindu der hun kan se en sjøpromenade og et havneområde i bakgrunnen.
Hvordan lykkes de skandinaviske landene med integrering av flyktninger?

En ny rapport skrevet for Nordisk ministerråd viser forskjeller i hvordan det går med integreringen av flyktninger i de skandinaviske landene.

Personer på en bussholdeplass i snøvær
Hva gjøres med segregering i Norge, Danmark og Sverige?

En fersk rapport ser nærmere på politikk mot segregering i de skandinaviske landene.

Publisert: 14.01.2020
Sist oppdatert: 05.08.2024
Tekst: Elise Koppang Frøjd
Foto: Thomas Brun / NTB scanpix