Du fekk sikkert med deg dekninga av VM i Qatar, saker om sportsvasking og manglande likestilling i idrett. Har norske journalistar alltid vore så kritiske?
– Sportsjournalistikk har vorte kritisert for å vere ein profesjon av cheerleaders for lag og idrettsutøvarar, fiksert på resultat, som stoler på få kjelder og produserer innhald for menn, seier Harald Hornmoen.
Hornmoen, Anders Graver Knudsen og Nathalie Hyde-Clarke står bak utgivinga «Sports Journalists as Agents of Change in Nordic Countries».
– At sportsjournalistikken ikkje har vorte sett på som ordentleg journalistikk har på ei side gitt litt fridom og handlingsrom. På ei anna side har det betydd at det har blitt mangel på kritiske perspektiv, seier Knudsen.
Forskarane er klare på at sport er underhaldning, men dei siste åra har sportsjournalistar skrive om eit større bilete enn berre idrettsprestasjonar.
Kva skjedde?
Knudsen og Hornmoen påpeikar at det heile tida har fanst kritiske sportsjournalistar, men at dette ikkje har blitt norma.
– Men vi meiner vi har sett ei endring i korleis sportsjournalistane jobbar, seier Knudsen.
Dei trur sportsjournalistane fekk med seg at det stadig kom fleire bøker som inneheldt kritisk sportsjournalistikk, som tok for seg konteksten, utfordringar med likestilling og samfunnsmessige forhold rundt idrett.
– Og i Noreg har vi hatt mange døme på god kritisk journalistikk om sport, men som ikkje nødvendigvis har blitt skrivne av sportsjournalistar. Så her gjaldt det å gripe moglegheita til å skrive kritisk sjølv, seier Hornmoen.
Hornmoen trekkjer fram boka "Den forsvunne diamanten. Historia om fotballens mørke side" frå 2008 som eit døme.
Den forsvunne diamanten
- Lars Backe Madsen og Jens M. Johansson tek i boka tek utgangspunkt i Mikel-saka der fotballspelar John Obi Mikel forlét Lyn for engelsk fotball, men det vart krangel om han skulle spele for Manchester United eller Chelsea.
- I boka skriv journalistane om korleis toppfotballen skjemmest av menneskehandel med afrikanske mindreårige, truslar og korrupsjon.
– Publikum forventar meir enn ein heiagjeng
– Det finst dyktige folk som driv med kritisk sportsjournalistikk verda over, men inntrykket mitt er at den kritiske sportsjournalistikken får meir plass i Noreg enn i mange andre land, seier Mina Finstad Berg.
Berg er sportskommentator i TV2 og har sjølv skrive mange kritiske artiklar om idrett.
– Det er ei forventning i det norske sportspublikummet om at sportsjournalistar skal vere meir enn ein heiagjeng. Norske redaksjonar ville nok ikkje sloppe unna med berre å fokusere på glitter og trofé, seier Berg.
Ho trur også at måten norsk idrett er organisert på har hatt ein innverknad på dette.
– Det er også eit element at norsk idrett er basert på medlemsdemokrati og frivilligheit. Mange av dei som les om norsk idrett er ikkje berre passive konsumentar. Dei er aktive deltakarar i idrettsrørsla, seier Berg.
– Journalistikken eg voks opp med var heilt fjern frå dagens
Hornmoen har observert at norsk sportsjournalistikk har vore i endring.
– Journalistikken eg voks opp med er ganske fjern frå dagens journalistikk. I dag har du kritiske kommentatorar og journalistar som gjer seg upopulære i fleire krinsar, seier han.
Hornmoen og Knudsen trur dei største endringane skjedde då VG jobba med manglande openheit hos idrettsorganisasjonane. VG artikkelserie «Nådelaus openheit» førte også til at dei vann SKUP-diplom i 2016 (skup.no).
SKUP
- SKUP står for Stiftelsen for ein Kritisk og Undersøkende Presse
- Stiftinga vart oppretta for å fremje kritisk og undersøkjande journalistikk
- Dei deler ut prisar og diplom kvart år for undersøkjande journalistikk
Då fotball-VM i Qatar gjekk av stabelen i 2022 kasta «alle» seg på den kritiske journalistikken.
– Det har vorte vekt eit kritisk medvit blant sportsjournalistane, særleg for korleis økonomiske, organisatoriske og kommersielle interesser heng saman og korleis store organisasjonar har lykkast i å kvele openheit, seier Hornmoen.
No heldt det ikkje lenger å berre rapportere heim om idrettsprestasjonane.
Organisering av journalistane har vore viktig
– Sportsjournalistar i Noreg har vore flinke til å organisere seg i Norske sportsjournalistars forbund. Gjennom dette har det vorte meir forståing for viktigheita av openheit i idretten, ytringsfridom, og det å ikkje bli styrt av sportsorganisasjonar og dei som jobbar i sport, seier Hornmoen.
Hornmoen trur det er lett å identifisere seg for mykje med utøvarar ein skriv om.
– Journalistar har fått tilgang til kjelder ved å operere som snille folk som følgjer heltane sine, seier han.
Norske sportsjournalistars forbund
- Ein uavhengig interesseorganisasjon for norske sportsjournalistar.
- Organisasjonen jobbar for å vareta medlemmers faglege interesser og hjelpe både arrangørar og medlemmer i spørsmål om akkreditering og arbeidsforholdet til pressa.
Ikkje nødvendigvis typisk norsk
– Men så er det ikkje sånn at vi i Noreg kan slå oss på brystet og seie at det var vi som byrja med kritisk journalistikk i sporten heller, seier Hornmoen.
Veldig mykje av den undersøkjande journalistikken i idrettsverda kjem frå andre land enn Noreg.
– Men vi har nok fått ei viktigare rolle. Særleg i samband med fotball-VM i Qatar, seier han.
Kritisk sportsjournalistikk vinn prisar
Dei norske journalistane har markert seg innan undersøkjande journalistikk og har mellom anna vunne prisar for å vise manglande openheit i norske idrettsforbund.
– Norske journalistar har avdekt saker som fluor i skismørjing, eksportering av dårleg kunstgras til utlandet, og slankepress i toppidretten, seier Hornmoen.
TV2s artikkel «Kunstgrasbløffen» var blant undersøkjande sportsjournalistikk som vann SKUP-diplom i 2019 (tv2.no). Her følgjer TV2s journalistar Bodø/Glimts miljøfarlege kunstgras reisa si frå Bodø til Kroatia.
Referanse
Anders Graver Knudsen, Harald Hornmoen og Nathalie Hyde-Clarke (2024): «Sports Journalists as Agents of Change: Shifting Political Goalposts in Nordic Countries» (cogitatiopress.com).