Samanlikninga mellom Trump og romerske keisarar tar utgangspunkt leiingsteori frå ein historikar som levde mellom år 69-122. Nemleg Gaius Suetonius Tranquillus.
– Han står bak verket «The Lives of the Caesars», som blir betrakta som den første boka i historia om dårleg leiarskap, seier Hans Christoffer Aargaard Terjesen.
Gaius Suetonius Tranquillus
- fødd i 75 e.Kr. Mest kjent som Suetonius og Sveton
- romersk historikar
- ei av dei fremste kjeldene om det tidlege Romarriket
- inkluderte ein del sladdar i verka sine
Ser likskapar med dei seks verste keisarane
– Den amerikanske presidenten deler nokon likskapstrekk med dei aller mest notoriske keisarane, seier Terjesen.
Det var då Terjesen skreiv doktoravhandlinga si og endeleg fekk tid til å gjere eit djupdykk tilbake i leiingshistoria at han kom over Suetonius.
På nokre punkt er Trumps leiingsstil og historikk påfallande lik dei verste romerske keisarane.

Kanskje den mest kjente romerske keisaren, Julius Cæsar. Foto: Mary Evans Picture Library
Julius Cæsar (100 f.Kr–44 f.Kr)
Først ut har vi den mest kjente av dei romerske keisarane, Julius Cæsar. Kva er likskapen mellom Cæsar og Donald Trump?
– Cæsar er jo kjent som ein dyktig general, ein god lyttar og ein god krigar. Det er ikkje der likskapane er tydelegast. Han hadde nokre andre sider som liknar meir, seier Terjesen.
Han var nemleg veldig sjølvhevdande.
– Han var veldig opptatt av å fortelje alle om kor overlegen han var. I dag ville vi kanskje klassifisert han som ein klassisk narsissistisk leiar. Cæsar var veldig opptatt av å vere best i alt og fortelje om det, seier han.
Cæsar var også veldig sjølvbevisst om hårtap.
– Han var bekymra for å bli skalla. Så her har vi likskapar når det gjeld både sjølvskryt og forfengelegheit, seier Terjesen.

Keisar Tiberius her portrettert av Peter O’Toole i filmen Caligula. Foto: TopFoto
Tiberius (42 f.Kr.-37 e.Kr.)
Terjesen beskriv keisaren Tiberius som det vi i dag ville omtalt som ein «Laissez-faire-leiar».
– Tiberius er først og fremst kjent for å vere fråverande frå embetet. Han likte primært å vere på resorten sin på øya Capri, seier han.
Keisaren blir også beskriven som ein pioner innanfor pornografien, av alle ting.
– Han var berømt for den seksuelle appetitten sin. Då han forlét Roma for å vere på Capri var det ofte for å få utløp for forlysting, drikking og seksuelle eskapadar, seier Terjesen.
Trump har utnemnt medspelarar til administrasjonen og ministerpostane sin fordi dei støttar han. Ikkje fordi dei primært er kvalifiserte– Hans Christoffer Aargaard Terjesen
Hadde Tiberius levd i dag hadde han nok hatt ein haug av varslingssaker på seg, humrar Terjesen.
– Det var veldig krenkande åtferd frå keisaren, seier han.
Donald Trump har også sin eigen resort, og dessutan saker på seg for seksuelle eskapadar.
– I sin første periode hadde vel Trump omtrent 300 dagar på golfbana. Det var eit absurd tal. Og ein av tinga som kjenneteikna Trump i hans første periode var at han var ganske lat i embetet, seier han.
Caligula (12-41 e.Kr.)
Gaius Julius Caesar Augustus Germanicus, betre kjent som Caligula, er kjent som ein av dei mest forferdelege keisarane gjennom tidene. Så å bli samanlikna med han er ikkje nokon stor heider.
– Caligula er nok mest hugsa for å seie: “Hugs at eg kan gjere kva eg vil mot kven eg vil”, fortel Terjesen.
Caligula påpeika også ein gong at han kunne gjere hesten sin til rådgivar om han ønskte det.
– Og her er det ein parallell. Trump har rett nok ikkje utnemnt hestar, men han har utnemnt medspelarar til administrasjonen og ministerpostane sin fordi dei støttar han. Ikkje fordi dei primært er kvalifiserte, seier Terjesen.
Terjesen peikar blant anna på utnemninga av helseminister Robert F. Kennedy Jr.
– Helseministeren er vaksineskeptikar. Og det er fleire andre eksempel ein kunne nemnt.
Å sette lojalitet framfor kompetanse kan føre til at ein gir råd ut frå kva ein trur presidenten vil høyre, ikkje kva som er dei beste løysingane.

Visstnok skal Nero har sunge opera mens Roma brann ned. Bildet har namnet “Nero after the Burning of Rome", av Carl Piloty frå 1862. Foto: W. Thomas
Nero (54–68 e.Kr.)
Samanlikninga av Trump og Nero er kanskje litt dryg, det innrømmer Terjesen. Nero er kjent for mykje vondskap, mot fiendar og allierte.
– Det skal nemleg påpeikast at Nero var klin galen, seier han.
Nero hadde fleire ektefellar, både mannlege og kvinnelege, som han ikkje behandla særleg fint.
– Visstnok sparka Nero si gravide kone Poppæa Sabina i hel, fortel Terjesen.
Deretter forelska han seg i ein yngre gut som han fekk kastrert og gifta seg med.
– Det er ikkje her likskapane med Trump er. Akkurat dette har ikkje Trump i seg så vidt vi veit, seier han.
Likhetene Terjesen trekker fram handlar meir om korleis Nero brukte andre menneske som spelebrikker for å oppnå det han ønsket.
Brukte flystyrt for å fremme politikk
– Trump bruker Ukraina som eit forhandlingskort for å få tak i mineral, og ein flystyrt med fleire døydde for å fremme anti-mangfaldspolitikken sin, seier Terjesen.
Trump antyda offentleg at det var mangfald som bidrog til ei flyulykke der 67 menneske mista livet. Og at det var Barack Obama og Joe Biden som hadde svekt flysikkerheita, blant anna ved å fremme mangfald ved tilsettingar.
– Her er det ein ørliten parallell til Nero, som også var omsynslaus i korleis han brukte menneskeskjebnar for å få det som han ville, seier han.
Er Trump ein romersk keisar?
Nei, det er kanskje litt friskt å påstå. Men det er meir ei artig samanlikning, og ei interessant øving i leiingsteori.
– Men det er ein del ting Trump gjer som er litt keisaraktig samanlikna med tidlegare presidentar. Sjå på korleis han skulle få krigsramma Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj til å seie takk og unnskyld og gjere han liten framfor tv-kameraa, seier han.
Men det var ikkje ei fysiske kastrering, slik det Nero ville valt. Men kanskje eit forsøk på ein meir moderne variant av det same.
– Zelenskyj skulle ikkje få lov til å vere ein felles statsleiar eller likemann i dette møtet, seier Terjesen.
Terjesen meiner ein slik måte å opptre på er noko som gir gjenklang til det gamle Romarriket.
– Det kan aldri gjentakast nok at ein vi alltid har noko å lære av historia, avsluttar han.