– Må gjere meir for ungdom i fattige familiar

Ung trist jente sit og tenkjer.

Rapporten påpeikar at ungdomstida er ei tid der stress i familien og mangel på økonomiske ressursar, kan få negative konsekvensar for psykiske og fysiske helsa til dei unge. 

– Mykje tidlegare forsking og tiltak har fokusert på barn som veks opp i låginntektsfamiliar. Gjennomgangen vår viser at også ungdomstida er ein sårbar periode, seier seniorforskar Christer Hyggen ved NOVA på OsloMet.

– Derfor må politikarane styrkje innsatsen mot denne gruppa. 

Han står bak rapporten saman med Ingar Brattbakk ved AFI og Elling Borgeraas ved SIFO. Den nye rapporten om barnefattigdom har samla og systematisert norsk og internasjonal forsking som er relevant for norske forhold.

Dei har sett på følgja av å vekse opp i ein familie med svak økonomi, og trekkjer spesielt fram ungdom som veks opp i fattige familiar.

Dette kan barnefattigdom føre til

Forskarane peikar på ei rekkje negative konsekvensar av å vekse opp i familiar med svak økonomi:

Portrett Christer Hyggen

Auka risiko for mobbing og utestenging

Inntekta til familien får ei større rolle når barna blir eldre. Ungdom samanliknar seg gjerne med jamaldra og derfor blir det opplevd om ei større belastning når ein ikkje kan vere med på det dei andre gjer.

Forsking tyder på at å vekse opp i fattige familiar kan ha store konsekvensar for ungdom, mellom anna auka risiko for mobbing og utestenging.

– Det er viktig å setje inn tiltak der ungdommen er. Det må lagast gode og trygge møteplassar i nærmiljøet, seier Hyggen.

Forskinga viser nemleg at nabolag kan påverke konsekvensar – både positivt og negativt.

Førar til auka stress

Det er ein vekst i talet på barn og unge som veks opp i familiar med låginntekt eller vedvarande låginntekt. 10,3 prosent av alle barn tilhøyrde eit hushald med vedvarande låginntekt i 2016, mot 10 prosent året før.

Rapporten peikar på ei rekkje faktorar som kan hjelpe barn i låginntektsfamiliar:

Ulikskapane stig også i Noreg

Kunnskapsoppsummeringa viser også at konsekvensane av å vekse opp i låginntektsfamiliar er mindre alvorlege i Noreg enn andre stader i verda.

– Samanhengen mellom det å vekse opp i låginntektsfamiliar og dårlege levekår, er sterkare i USA og andre land i Europa enn i Noreg, seier Hyggen.

Noreg kjem også betre ut enn dei andre nordiske landa.

– Dette betyr nok at mykje av det som blir gjort i politikken i Noreg på mange måtar fungerer godt. Det betyr også at mykje av det som blir gjort overfor barnefamiliar direkte gjennom skular og helse- og velferdstilbod, allereie har ein positiv effekt.

Kilde

Hyggen, C., Brattbakk, I. & Borgeraas, E. (2018). Muligheter og hindringer for barn i lavinntektsfamilier. En kunnskapsoppsummering. NOVA Rapport 11/18 (fagarkivet.oslomet.no)

Om studien

Prosjektet er bestilt og finansiert av Barne- og likestillingsdepartementet. Bakgrunnen for rapporten er ønskt til departementet om meir kunnskap om følgja av å vekse opp i ein familie med svak økonomi. Kunnskapsoppsummeringa er gjennomført av forskarar frå tre institutt ved Senter for velferds – og arbeidslivsforsking (SVA) ved OsloMet

Kontakt

Laster inn ...

Relaterte saker

Barnehagejente i refleksvest sitter med ryggen til og ser på en gruppe barn på litt avstand.
Dette er de beste tiltakene mot mobbing

Voksne som er tilstede og bryr seg, er ett av tiltakene som har best effekt i kampen mot mobbing, ifølge forskere ved OsloMet.

To smilende jenter på sykkel fotografert nedenfra
Norske barn har det veldig bra, men ikke alle

Det viser svarene fra over 15 000 barn mellom 10 og 12 år som har deltatt i spørreundersøkelsen Ungdata junior.

Gul fasade på et eldre boligbygg med mange leiligheter og parabolantenner på balkongene.
– På tide å reformere den kommunale boligsektoren i Oslo

– Det er mange dilemmaer og utfordringer knyttet til den kommunale boligsektoren.

Publisert: 14.12.2018
Sist oppdatert: 31.07.2024
Tekst: Sonja Balci
Foto: Richard Clark / NTB scanpix