Forskar og sosiolog Unni Kjærnes ved SIFO på OsloMet fortel at utvalet av matvarer og retter er i stadig endring, men matvanane held seg ganske stabile i heile Norden.
– Måltida blir framleis stort sett etne heime eller på arbeid og skule. Uteeting har auka, men er ikkje ein del av dagleglivet, seier ho.
SIFO har, saman med sosiologar i dei andre nordiske landa, gjennomført to spørjeundersøkingar om matvanar og uteeting i Noreg, Sverige, Finland og Danmark med 15 års mellomrom.
Undersøkinga viser at det å eta ute på restaurantar og kafear, først og fremst er ein fritidsaktivitet i Noreg og Danmark, vanlegvis med venner og familie på ettermiddag og kveld.
I Sverige og Finland er dette meir knytt til arbeidsliv, ved lunsjtider og med kollegaer. Uteeting har òg auka mest i dei to sistnemnde landa, og då særleg i Sverige.
Undersøkinga viser at 30,4 prosent i Sverige og 26,3 prosent i Finland et på restaurantar og kafear med kollegaer. Til samanlikning er tala 19,8 prosent i Noreg og 11,5 prosent i Danmark.
Uteeting har auka, men er ikkje ein del av dagleglivet.– SIFO-forskar Unni Kjærnes
Meir uteeting i byane
I undersøkinga til Kjærnes er 2000 personar i kvart av landa spurde om etevanane sine.
– Me finn stort sett dei same trekka i alle dei fire nordiske landa, bortsett frå det med lunsjvanane, forklarer ho.
Resultata i studien viser at alle går ut og et på restaurant av og til, men det er likevel ein liten del av daglivet til dei fleste. Familiemåltida eksisterer framleis i beste velgåande.
Einslege med god inntekt i store byar, gjerne yngre utan barn, går oftast ut og et. Barnefamiliar og folk utanfor store byar gjer det derimot sjeldan. Det handlar altså både om folks høve og kva tilbod som er på staden.
Ikkje uventa et aldersgruppa 25-34 år hyppigast ute. Dei eldre et oftast heime.
Fleire personar i Sverige (44,4 prosent) og Finland (37,7 prosent) et ute to til tre gonger i månaden eller oftare samanlikna med Danmark (18,4 prosent) og Noreg (27,6 prosent).
Ulike tradisjonar i Norden
– Kva fortel skilnadene i dei nordiske landa oss?
Svenskane er rett og slett meir vant til å eta ute enn dei andre landa i Norden.– SIFO-forskar Unni Kjærnes
– Sjølv om Norden er ganske likt når det gjeld utdanningsnivå, inntekt og arbeidsliv, så er organiseringa av etinga likevel ganske ulikt.
– I Sverige og Finland er varm lunsj viktig. Dei har ofte kantiner på arbeidsplassane, og dei tilbyr varme skulemåltid, seier ho.
Alle elevar i grunnskulen har rett til eit gratis skulemåltid dagleg i Sverige og Finland, medan i Noreg og Danmark er det ikkje slike rettar. Både i Noreg og Danmark eksisterer matpakken i beste velgåande.
– I Sverige et dei òg oftare ute på kvelden, og svenskane er rett og slett meir vant til å eta ute enn dei andre landa i Norden. Det er likevel ikkje så mykje som mange andre land med tradisjonar for uteeting, som til dømes USA, der det er mykje rimelegare å gå ut og eta. Så prisen er ei av forklaringane på dei nasjonale skilnadene, seier Kjærnes.
Tydelege sosiale skilnader
Forskaren meiner me ser ulike dynamikkar som påverkar uteetinga.
– Det eine er tilpassinga til arbeidslivet, med varm lunsj på jobb som krev meir organisering versus matpakke som er laga heime. Det andre er uteetinga som ein fritidsaktivitet og noko ekstra.
– Når det gjeld eting som noko ekstra – som til dømes feiring og det å vera sosial, så ser me tydelege sosiale skilnader i befolkninga. Det kan bli dyrt å eta ute, og dei med høg inntekt gjer oftare dette, seier ho.
Danskane er dei som går minst på restaurantar og kafear i denne undersøkinga.
– Men er ikkje danskane Nordens latinere, som liker å gå ut og eta?
– God mat og måltid er viktig i Danmark, men det skjer heime, innanfor ramma av familien – i og for seg som latinere. Medan svenskane bekymrar seg for lunsjtilbodet og nordmenn er opptekne av kva som er lett og praktisk, diskuterer danskane korleis det går med familiemåltidet.
Referanse
Denne artikkelen vart opphavleg publisert på hioa.no/vitenogpraksis 04.04.2018.