English version

Plassen til apoteket i helsetenesta – kunderettleiing i bruk av reseptfrie legemiddel i norske apotek

For å sikre rett legemiddelbruk er god kunderettleiing i bruk av reseptfrie legemiddel vesentleg.

Salet av reseptfrie medisinar og kosttilskot aukar over heile verda med fleire menneske som sjølv behandlar mindre plager.

Med den aukande bruken av reseptfrie medisinar aukar også feilbruken. Feilbruk av medisinar utgjer store kostnader for samfunnet og belastninga av på helsevesenet.

Det er viktig at forbrukaren har nok kunnskap til å bruke medisinane rett. Apoteka har ei viktig rolle i å sikre rett bruk av reseptfrie legemiddel.

Mange kjelder til informasjon om medisinar og kosttilskot er tilgjengelege for kundar i dag, nokon meir pålitelege enn andre. Det er behov for informasjon om reseptfrie medikament blant pasientane, men det manglar ofte i kundemøta på apoteket.

Ved hjelp av ulike metodar ønskjer vi å undersøkje dette nærare, for å sikre rett bruk av desse produkta.

Prosjektdeltakarar

Laster inn ...