Prosjektet skal kartleggje forsking frå dei siste ti år (2008–2018) som på ulike måtar behandlar fritida til barn og unge i kombinasjon med kjønn og kjønnsstereotypar.
Døme på kjønnsstereotypar er normer, framsyningar, praksisar og strukturar knytt til kjønn. Kunnskapsoppsummeringa skal diskutere i kva grad slike storleikar gjer seg gjeldande for gutar og jenters deltaking og val innanfor fritidsfeltet.
I kunnskapsgjennomgangen vil vi arbeide med systematiske søk i bibliotekdatabasar, internett og dessutan gå gjennom litteraturlister i publiserte artiklar og rapportar. Hovudvekta av litteratursøk vil dreie seg om forsking som gjeld Noreg og andre skandinaviske land.
I forlenging av sjølve kunnskapsoppsummeringa skal NOVA ved hjelp av samarbeidspartnarar i organisasjon-Noreg samle inn og systematisere ei oversikt over tiltak som dreier seg om likestilling mellom gutar og jenter i barn og ungdoms fritidsaktivitetar.
Kunnskapsoppsummeringa skal leverast til #Ungidag-utvalet (regjeringen.no), eit offentleg utnemnt utval, som skal greie ut likestillingsutfordringar som barn og unge møter på ulike arenaer. Utvalet skal levere innstillinga si til Barne- og likestillingsdepartementet hausten 2019.
Prosjektdeltakarar
Publikasjonar
- Seland, I.; Persson, M. & Eriksen, I.M. (2019). Barn og unges fritid i et kjønns- og likestillingsperspektiv. NOVA Rapport 5/19 (oda.oslomet.no)