English version

Digitalisering av studentaktivitet ved gruppearbeid (Digigrupper)

I dette prosjektet skal me forska på kva som bidreg til vellykka digitalt gruppearbeid i høgare utdanning.

Den digitale transformasjonen til notida har skapt behov og moglegheit for utvikling av fleksible og digitale undervisningsmetodar i høgare utdanning. 

Sjølv om fordelane med gruppearbeid er godt dokumenterte, er kunnskapen om kva som bidreg til eit vellykka gruppearbeid og kva som forhindrar eit vellykka gruppearbeid hovudsakleg avhengig av forsking utført i fysiske klasserom. 

I dette prosjektet skal me utvikla og evaluera eit verktøy for etablering av digitale studentgrupper basert på preferansane til studentane. 

Utviklinga av verktøyet er basert på ein litteraturgjennomgang og brukarinvolvering. Verktøyet lagar studentgrupper basert på svaret til studentane på spørsmål i Nettskjema.

Prosjektdeltakarar

Laster inn ...

Samarbeidspartnarar

Universitetet i Oslo (UiO).