English version

Foreldrerestriksjonar og vald – ein studie basert på UngVold 2023

Prosjektet skal kartlegge samanhengen mellom det å vekse opp med strenge restriksjonar frå foreldre og vald i heimen basert på data frå spørjeundersøkinga UngVold 2023.

Ei rekke norske studiar har vist at ein stor del ungdom med minoritetsbakgrunn, og særleg unge kvinner, opplever restriksjonar og kontroll frå foreldre og storfamilie som avgrensar deira livsutfolding og rett til å styre eige liv. Ein vedvarande diskusjon er i kva grad slike restriktive og kontrollerande foreldrepraksisar inngår i meir omfattande valdsregime i familien.

I dette prosjektet vil NOVA kartlegge omfanget av foreldrerestriksjonar og kva samanhengar som kan finnast mellom slike restriksjonar og vald i heimen blant elevar i vidaregåande skole basert på spørjeundersøkinga UngVold 2023. Studien vil kartlegge foreldrerestriksjonar både blant minoritetsungdom og i befolkninga elles. 

Funna skal presenterast i eit NOVA-notat.

Prosjektdeltakarar

Laster inn ...