Prosjektet handlar om kva bustader som er særleg eigna for eldre og kva som hindrar kommunar og private utbyggjarar i å byggje fleire slike bustader.
Spørsmåla som forskarane skal svare ut, er:
- Kva kjenneteiknar gode bustader for eldre?
- Korleis kan det leggjast til rette for at fleire eldre vel å bu i slike bustader?
- Og kva skal til for at det blir bygd fleire gode bustader for eldre?
Det vil bli lagt særleg vekt på sosiale buformer.
Datagrunnlaget består av eksisterande litteratur, kvalitative intervju med bebuarar, utbyggjarar og kommunalt tilsette, ei landsrepresentativ spørjeundersøking blant utbyggjarar og annan relevant statistikk.
Prosjektet skal gi auka kunnskap om kva som bør inngå i informasjon til eldre og pårørande i planlegging av busituasjonen og bidra til å styrkje plankompetansen i kommunane og Husbankens rettleiingsrolle.